Heim   >   Nyhende   >   Mange reinsdyr døyr av menneskeskapt sjukdom

Arkivfoto: Helge Hansen/NTB scanpix.

Mange reinsdyr døyr av menneskeskapt sjukdom

Fleire reinsdyrkalvar døyr av sjukdom på Hardangervidda. Det er menneskeleg aktivitet som er årsaka, ifølgje ny rapport.

– Det er uheldig at eit nomadisk flokkdyr blir pressa saman på små areal, seier Kjell Handeland, som har laga rapporten for Veterinærinstituttet, til NRK.

Veterinær Handeland viser til at turistløyper, bygging av hytter og auka menneskeleg trafikk på Hardangervidda fører til at villreinen klumpar seg saman på eit for lite område. Då blir dei òg sårbare for sjukdomar, ifølgje rapporten.

– Vi må vege omsynet til dyrehelsa opp mot kor fritt menneske skal få lov til å opptre i fjellet, seier han.

I rapporten kjem det mellom anna fram at reinsdyrkalvane på Hardangervidda har svært låg vekt samanlikna med kalvar i andre villreinområde. (©NPK)