Heim   >   Fylket   >   Mange kommunar er dårleg representerte

Mange kommunar er dårleg representerte

Bjørnafjorden med sine 24.779 innbyggjarar og Solund med sine 816 innbyggjarar har begge kvar sin representant i Vestland fylkesting. Halvparten av kommunane manglar representasjon.

Terje Søviknes skal som einaste representant frå Bjørnafjorden vareta interessene til 24.779 innbyggjarar på fylkestinget, skriv NRK. Solund, som har nesten 24.000 færre innbyggjarar, har òg fått ein fylkestingsrepresentant. Det gjer kommunen til ein av dei best representerte i fylket. Søviknes meiner dette ikkje er noko problem.

– Eg kjenner meg ikkje einsam eller åleine. I fylkestinget har me alle ansvar for å tenkje heile Vestland og ikkje vår eigen kommune. Det viktigaste er å ha partiet, eller samarbeidspartia i ryggen, seier han.

25 av kommunane i Vestland ligg i Hordaland, og 18 i Sogn og Fjordane. Samla sett er det 21 kommunar som ikkje er representerte i fylkestinget. (©NPK)