Heim   >   Nyhende   >   Mange klagar på telefonsal

Illustrasjonsfoto: Hallvard Østrem/NPK.

Mange klagar på telefonsal

Forbrukartilsynet får mange klagar på uønskt telefonsal og ber selskapa setje seg betre inn i regelverket.

Over 2,2 millionar har reservert seg mot telefonsal, men mange av desse opplever likevel å bli ringde opp, skriv Forbrukartilsynet i ei pressemelding.

– Forsikringsbransjen er ein av bransjane som ser ut til å ha størst problem med å følgje reglane for telefonsal. Derfor ser vi oss nøydde til å ta opp dette med selskapa, seier juridisk direktør Frode Elton Haug i tilsynet.

Dei fleste klagene til tilsynet heng saman med unntaksreglane som regulerer kva for forbrukarar som kan ringast opp sjølv om dei har reservert seg. Tilsynet viser mellom anna til personar som klagar på at dei er ringt opp fordi dei er medlem av ein organisasjon som samarbeider med eit forsikringsselskap, eller tidlegare kundar som blir ringt opp.

I tillegg til å sende brev til forsikringsbransjen, har tilsynet publisert ein rettleier om reglane for telefonsal. Dei forventar at bransjen tar tak i problema og følgjer reglane. (©NPK)