Familiane Bjerkc Færestrand og Kvalheim og mange andre, hadde ein fin ettermiddag i Trivselsbadet på laurdag.

Mange har brukt Trivselsbadet

– Vi hadde lovde borna ein tur i bassenget medan vi var her inne, så derfor er vi her, seier Maja Bjerck Færestrand frå Måløy. Saman med familien var dei åtte av mange som tok turen i Trivselsbadet i vinterferieveka.



Trass overstrøymande vårluft ute hadde familiane Bjerkc Færestrand og Kvalheim frå Måløy funne vegen til Trivselsbadet laurdag ettermiddag. Til saman var dei åtte vaksne og born hygga seg i bassenget, saman med ei mange andre.

– Vi har fekk ordna oss vogn på campingen her i haust og sidan har vi alltid vore innom bassenget når vi er her er inne, fortel Maja Bjerck Færestrand. Denne vinterferiehelga hadde dei fått med seg meir familie.

– Det er eit fint tilbod, så då må vi bruke det når vi har sjansen, seier Vegard Kvalheim.

Godt besøk

Trivselsbadet har hatt vanlege opningstider heile vinterferien og det har vore ein suksess. Fleira dagar har det vore rundt 200 gjestar, og det er meir enn dobbelt av det kan vere elles.

– Særleg først i veka, då veret var litt dårlegare, merka vi godt at det var vinterferie. Då var det mykje folk i bassenga, seier dagleg leiar Trivselshagen Bad og idrett. Men også i helga har det vore godt besøkt, og Sundal trur det kjem mange tilreisande for å bruke anlegget.

– Her er mange som vi ikkje kjenner frå dei vanlege dagane, så eg reknar med at her er ein del tilreisande, fortel han. I år har dei valt å annonsere i heile Nordfjord at det er ope i badet, og det trur han også kan ha bidrege til at fleire har sett innom.

Ikkje endra opningstider

Gjestane frå Måløy undra seg på kvifor det ikkje var lengre opningstider i vinterferien når besøket er så bra. Øystein Sundal seier at det har vore vurdert.

– Vi vurderer heile tida opningstidene slike veker, men sidan mykje av aktiviteten i anlegget går som vanleg, også i vinterferien, har vi valt å la opningstidene vere som vanleg. Og når det gjeld å ha lengre opningstider er det fleire faktorar som må takast med i vurderinga, ikkje minst er det litt sjansespel med tanke på kva ver det vert, seier Sundal.