Mange elevar vil ikkje få plass på Firda komande haust.

Mange elevar vil ikkje få plass

Trass i stor oversøking til Firda vidaregåande skule, rår ikkje fylkesdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune til at det vert oppretta ekstra klasser ved Firda vidaregåande skule komande skuleår.



Søkjartala til Firda vidaregåande skule på Sandane er solide, og mange hadde håpa på at dette ville føre til oppretting av ekstraplassar eller ekstra klasser.

Stor oversøking

No risikerer det store kullet av elevar i 10. klasse i Gloppen at mange ikkje får plass på Firda. På studiespesialisering har skulen 30 elevplassar komande haust, medan 44 elevar har denne skulen som sitt førsteval – altså ei oversøking på 14 elevar.

42 elevar har idrettslinja som sitt førsteval. Også her er det plass til 30 elevar – ei oversøking på 12 elevar.

Firda har fått utvida talet plassar på vg1 dans og vg1 drama frå 12 til 15 komande haust. 25 elevar har søkt på dans – ei oversøking på 10 elevar. 19 elevar har søkt på drama – ei oversøking på 4 elevar. Skulen har motteke 27 søknader til dei 24 plassane på vg1 musikk.

I tillegg er det 36 søkjarar både på vg2 og vg3 studiespesialisering. Her er det plass til 30 elevar i kvar av klassene. Det betyr at totalt 12 elevar som ønskjer å gå på Firda ikkje får plass.

Halv klasse ekstra i Sogndal

Opplæringstilbodet ved dei vidaregåande skulane i fylket skuleåret 2020/21 vart handsama i Hovudutval for opplæring 2. desember i fjor. 20. april skal utvalet ta stilling til ei justering av tilbodet. På bakgrunn av søkjartala og seks prøveinntak gjer fylkesdirektøren framlegg om nokre justeringar av opplæringstilbodet.

Det er totalt 20.500 søkjarar med ungdomsrett til fylkeskommunen sine vidaregåande skular. Av desse er vel 8800 søkjarar til vg1.

– Justeringane i denne saka utgjer samla 13,5 klasser, derav 4 klasser nord i fylket og 9,5 klasser sør i fylket, skriv fylkesdirektøren i samandraget sitt.

Ved Sogndal vidaregåande skule var det lyst ut 1 klasse på vg1 idrettsfag. Dette gjer han framlegg om å justere til 1,5 klasse. Etter det vi kjenner til har 43 elevar søkt på dette tilbodet – altså berre éin elev meir enn på Firda.

Endringar i Nordfjord

I Nordfjord gjer fylkesdirektøren framlegg om desse endringane:

Ved Eid vidaregåande skule var det lyst ut 3 klasser på vg1 elektrofag. Dette blir justert ned til 2. Ved same skule var det lyst ut 1 klasse på vg1 handverk, design og produktutvikling. Dette blir justert til 0,5 klasse. Ved Eid vgs var det lyst ut 0,5 klasse på vg2 interiør og utstillingsdesign. Dette blir justert opp til 1 klasse. Ved Eid vgs var det lyst ut 0,5 klasse på vg2 industriell møbelproduksjon. Denne blir justert til 0.

Ved Måløy vidaregåande skule var det lyst ut 1 klasse på vg2 kokk og servitør. Dette blir justert til 0.

Ved Stryn vidaregåande skule var det lyst ut 2 klasser på vg1 studiespesialisering. Dette er justert til 1.