Home   >   Nyhende   >   Mange einsame unge bønder

Mange unge bønder jobbar mykje åleine. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby/NTB scanpix/NPK.

Mange einsame unge bønder

Ei undersøkinga som Ruralis har gjort for prosjektet Unge bønder psykisk helse viser at 21 prosent av dei unge bøndene kjenner seg einsame.

Undersøkinga viser også at 27 prosent av unge bønder mellom 19 og 31 år arbeider heilt aleine og aldri saman med andre bønder, skriv avisa Nationen.

– Norske bønder har ein både innlært og nedarva høg terskel for å be om hjelp. Ein skal vere ein hardhaus og bite tennene saman når ei krise oppstår og klare seg sjølv, seier Ivar E. Ree, leiar for prosjektet hos Mental Helse Ungdom.

Funna i undersøkinga skal brukast til å utvikle tre tiltak. I 2013 starta faglaga saman med Norsk landbruksrådgiving nettsida godtbondevett.no, som handlar om landbruk og psykisk helse. Den skal utviklast.

I samarbeid med Norges Bygdeungdomslag skal det haldast kurs for ungdom og bønder om psykisk helse og meistringsteknikkar. Det skal også haldast kurs for rådgivarar i Nortura og Tine, for å auke beredskapen. Og så skal det inn eit element om psykisk helse i Norsk landbruksrådgiving sitt mentorprogram Bonde hjelper bonde.

– Det finst studiar som viser at bønder har dårlegare mental helse enn andre yrkesgrupper, medan andre studiar ikkje viser nokon skilnad. Vi tenkjer at bøndene er ei yrkesgruppe det er verdt å sjå på, dei lever eit arbeidsliv i ein krevjande situasjon, med små marginar mellom utgifter og inntekter, seier Brit Logstein, forskar og stipendiat ved Ruralis.

– Vidare ser vi at opplevd einsemd heng saman med dårlegare mental helse. Det er urovekkjande at 21 prosent av dei unge bøndene kjenner seg einsame. Då er det viktig å vere medviten på korleis ein kan førebyggje, seier Logstein. (©NPK)