Heim   >   Nyhende   >   Måneformørking tysdag

Ei delvis måneformørking vil vere synleg på himmelen over store delar av landet tysdag kveld. Bildet er tatt under måneformørkinga i april i fjor, sett frå Eggedal i Buskerud. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix / NPK

Måneformørking tysdag

Ei delvis måneformørking blir å sjå over store delar av landet tysdag kveld.

Den delvise måneformørkinga varer frå klokka 20.42 tysdag kveld til litt etter klokka 2 natt til onsdag. På det meste vil godt over halvparten av måneskiva vere formørkt, skriv Himmelkalenderen.

Starten ikkje synleg

Den første delen av formørkinga kan likevel ikkje observerast frå Noreg.

Månen står først opp i Kristiansand klokka 22.15. Deretter vil han vere synleg i Oslo klokka 22.18, i Bergen klokka 22.45 og i Trondheim klokka 22.59. Folk i Mo i Rana kan sjå månen så seint som klokka 23.38.

For at ein skal kunne sjå den delvise måneformørkinga, må det vere fri sikt og skyfri himmel mot søraust. Måneformørkinga er delt inn i fleire delar, og er størst rundt klokka 23.30 tysdag kveld.

Befolkninga i store delar av Nord-Noreg blir snytt for fenomenet. Månen er under horisonten heile kvelden og natta, og vil derfor ikkje vere synleg frå den nordlege delen av Nordland.

Ei måneformørking oppstår når jorda går mellom sola og månen, og hindrar at sollyset når overflata til månen. Det kan skje opptil fleire gonger i året.