Leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, utfordrar Visit Norway til å bruke meir nynorsk på nettsidene sine. Foto: Noregs Mållag.

Mållaget foreslår todelt landsmøte




Styret i Noregs Mållag gjer framlegg om eit todelt landsmøte, der den første delen er elektronisk og den andre delen eit fysisk møte. Saka blir avgjort neste veke.


– Det er viktig at vi møtest, får drøfta politikk, målbore synspunkta vore, delt ros og ris og peika ut den politiske kursen for framtida. Alt dette kan vi gjere til hausten. Det er likevel eit par saker som ikkje kan vente til koronaviruset er ferdig med ferda si gjennom landet, skriv Noregs Mållag på si nettside.


Etter at Noregs Mållag måtte avlyse det planlagde landsmøtet på Sola 24.–26. april, gjer dei no framlegg om å dele landsmøtet i ein elektronisk del og ein fysisk del.



E-post som røystemetode

Den elektroniske delen av landsmøtet skal nytte svar på e-post som røystemetode, og bli gjennomført 24.–26. april. Det fysiske møtet blir utsett til 16.–18. oktober, skriv Mållaget.


Utsendingane til landsmøtet får ein e-post 4. april der dei blir bedne om å svare på om dei godkjenner å gjennomføre det styret har foreslått, med svarfrist 7. april.


To av tre utsendingar som svarer, må godkjenne framgangsmåten. Blir han godkjend, sender styret ut ny e-post 8. april, med formelt framlegg til vedtak i dei to sakene som skal opp, og med oversikt over kven som er landsmøteutsendingar.



Lotterigaranti og styre

Det er dei same delegatane som var påmelde til det ordinære landsmøtet som skal delta på begge dei foreslåtte landsmøta. Styret innstiller på at styremedlemer som gjekk av via e-post i april, får tale- og framleggsrett på det fysiske landsmøtet.


Møtet i april skal ta opp lotterigaranti og val av nytt styre. I oktober blir andre faste landsmøtesaker, prinsipprogrammet og aktuelle politiske saker behandla. Det er sett ny frist for innsending av saker, til 18. august, i tråd med lova.




(NPK)