Trine Skei Grande. Foto: Fredrik Hagen/NTB scanpix.

Måling: Venstre på 1,9 prosent





Venstre får ei oppslutning på 1,9 prosent. Det er ein tilbakegang på 1,1 prosentpoeng sidan november. Partiet ville ikkje ha kome inn på Stortinget viss dette hadde vore valresultatet.


KrF går òg tilbake og får ei oppslutning på 2,6 prosent – ein tilbakegang på 1,2 prosentpoeng. Det viser Opinion si desembermåling for FriFagbevegelse , Dagsavisen og ANB


Valforskar ved Institutt for samfunnsforskning, Johannes Bergh, meiner målinga viser at sentrum i norsk politikk nesten er heilt borte.


– Dette er ei krisemåling både for Venstre og KrF. Venstre har lenge slite med låg lojalitet. Partiet har heller ikkje eit grunnfjell av veljarar som mange av dei andre partia, seier Bergh til FriFagbevegelse.


Mandatfordelinga gir Ap og Senterpartiet 82 mandat til saman på Stortinget. Det blir kravd 85 for fleirtal.


Høgre står på staden kvil med 20,6 prosent, medan Frp aukar mest med sine 10,7 prosent, ein auke på 1,8 prosentpoeng frå november.


Oppslutninga til partia i prosent (endring frå november i parentes): Ap: 22,9 (+1,2), Høgre: 20,6 (-), Frp: 10,7 (+1,8), Sp: 20,2 (-0,7), SV: 7,5 (-0,8), Venstre: 1,9 (-1,1), KrF: 2,6 (-1,2), MDG: 5,9 (-0,5) og Raudt: 5,7 (+1,3).


Partibarometera til opinion er baserte på 966 telefonintervju og er tatt opp frå 3. til 8. desember. Feilmarginen varierer mellom 1 og 3 prosentpoeng og er størst for dei største partia. (©NPK)