Nordmenn er delte i tre i synet på om vi bør arrangere eit nytt OL. Illustrasjonsfoto: Per Løchen/NTB scanpix/NPK.

Måling: Nordmenn delte om nytt OL

Nordmenn er delte i synet på i kva grad vi bør arrangere eit nytt OL, viser ei ny NRK-måling. Ein tredel er for, ein tredel mot, og ein tredel veit ikkje.





I målinga, som er utført av Norstat for rikskringkastaren, svarer nærare bestemt 36 prosent at dei er positive til eit nytt OL. 32 prosent er negative, mens like mange er usikre.





Ordføraren i byen som sist var OL-vertskap i Noreg, synest resultatet er oppløftande.





– Det er meir positivt enn eg kanskje trudde det skulle vere. Det er delt, men det vil eg seie er vanleg, seier Lillehammer-ordførar Espen Granberg Johnsen (Ap) til NRK. For 25 år sidan stod byen hans for det IOC omtalte som «dei beste leikene nokosinne».





– Eg ser at unge menneske, og folk over store delar av landet, ser at dette er noko som på eit tidspunkt kan vere bra. Det er eit godt utgangspunkt for vidare arbeid, seier han.





Folk er meir positive til OL, dersom ein brukar eksisterande idrettsanlegg. Det er Johnsen einig i.





– Eg meiner eit norsk OL bør basere seg på gjenbruk og nøktern haldning og at ein ikkje bruker meir pengar enn det som er nødvendig. Ein bør heller bruke pengane på ein folkefest enn store investeringar i dyre anlegg, seier ordføraren. (©NPK)