Home   >   Nyhende   >   Målfolk krev NRK-nyheitsdirektør med språkmedvit

NRK må ha språk i mente når dei no skal finne ein ny sjef for nyheitsdivisjonen, meiner styreleiar Guro Kvalnes i Kringkastingsringen. Foto: Kringkastingsringen.

Målfolk krev NRK-nyheitsdirektør med språkmedvit

Kringkastingsringen er ikkje imponert over språkinnsatsen til NRK sin avtroppande nyheitsdirektør Alexandra Beverfjord og håper på ein etterfølgjar med større språkmedvit.

Målorganisasjonen viser til fallande nynorskbruk både på nett og i NRK sine radio- og tv-kanalar dei siste åra og peikar på Beverfjord si manglande interesse for å følgje opp språkarbeidet og NRK sin eigen handlingsplan for nynorsk som ei viktig forklaring.

Når ho no går av, må NRK finne ein ny nyheitsdirektør som kan sørgje for at NRK lever opp til den lovpålagde rolla dei har i å vareta norsk språk, krev organisasjonen.

– NRK må ta omsyn til språk når dei skal tilsetje ny nyheitsdirektør. Vi har forståing for at NRK må ta mange omsyn i jakta på den neste direktøren, men forventar at medvit for språk er eitt av kriteria, seier styreleiar Guro Kvalnes i Kringkastingsringen i ei pressemelding.

– Dei tre siste åra har vore ein språkleg nedtur for NRK. No håper vi NRK tar ansvar og arbeider for meir nynorsk, spesielt på NRK.no, seier Kvalnes.

Alexandra Beverfjord har vore nyheitsdirektør i NRK sidan 2015 og gjekk over til ny jobb som sjefredaktør i Dagbladet i april. (©NPK)