Heim   >   Nyhende   >   Mæland varslar fleire samanslåingar

Monica Mæland seier kommunesamanslåinga ikkje er ferdig enno. Ho vil at fleire kommunar skal sjå på samanslåing som ei løysing på utfordringane dei møter i dag. Foto: Terje Bendiksby/NTB scanpix/NPK.

Mæland varslar fleire samanslåingar

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland er misnøgd med tenestetilbodet i dei små kommunane og vil gi pengar til fleire kommunesamanslåingar.

Dei minste kommunane i landet har mellom anna utfordringar med å rekruttere kompetent arbeidskraft og nedgang i befolkningstalet, skriv Dagbladet. Mæland ønsker at fleire kommunar skal samarbeide om utfordringane og varslar støtteordningar til kommunar som ønsker å utforske moglegheitene for samanslåing.

– Vi må opp i innbyggjartal for å kunne gi robuste tenester, seier Mæland til Dagbladet.

Leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, meiner arbeidet mot dei små kommunane og for samanslåing er respektlaus.

– Det er mangel på respekt overfor dei tusenvis av folkevalde som har hatt lange prosessar, sagt sitt og konkludert. I staden for å høyre på folk i kommunane vil toppleiinga framleis legge press på samanslåingar.

Han meiner rekrutteringsutfordringane heng saman med at andre kompetansearbeidsplassar blir nedlagde.

– Sentralisering avlar sentralisering. For å spare inn pengar blir høgskular og sjukehus lagde ned. Dei stolar ikkje på det lokale vettet, seier Vedum.

Mæland understrekar at dette ikkje skal skje i departementet, men ute i kommunane og at det er fri vilje som gjeld. (©NPK)