Ordførar i Stad og leiar i Nordfjordrådet, Alfred Bjørlo, talte under 8. mai-markeringa på Nordfjordeid fredag. T.v. ordførar i Stryn og nestleiar i Nordfjordrådet, Per Kjøllesdal. Pressefoto.

– Må ikkje ta fred og fridom for gitt

– Å markere frigjeringsdagen er viktig – også 75 år etter. Ja, det blir ikkje mindre viktig for kvart år, men tvert imot meir viktig etter kvart som tidsvitna blir færre. Fordi vi ikkje må gløyme. Vi må ikkje ta fred og fridom for gitt.

Orda tilhøyrer Stad-ordførar og leiar i Nordfjordrådet, Alfred Bjørlo, og fall då kommunane Stryn, Gloppen og Stad, saman med Eid Røde Kors, fredag 8. mai hadde ei felles markering av frigjeringsdagen, veterandagen og Røde Kors-dagen ved bauten «Sørgende Mor» på Eksersisplassen på Nordfjordeid.

– Kjenner ikkje landegrenser

– Kampen for fred og fridom tar aldri slutt – og kan aldri bli tatt berre av «alle andre». Det er vår kamp. Vårt ansvar. Det er vi som no har arva freden som vart skapt i 1945 – og vi som skal ta han vidare også i ei tid kor verda er meir uroleg enn på lenge. Med å byggje eit sterkt forsvar nasjonalt – men også ved samarbeide internasjonalt. Fordi krig, akkurat som epidemiar, ikkje kjenner landegrenser, sa Bjørlo i talen sin.

Han slo vidare fast at kanskje dei viktigaste grepa som vart tekne i åra etter Den andre verdskrigen, var å skape sterke internasjonale institusjonar som FN, NATO og dei nye og sterkt utvida Geneve-konvensjonane som har utspring i Røde Kors.

– Alle desse internasjonale institusjonane – og mange andre – er i dag under større press enn på mange år. For meg er ein viktig del av arven etter 1945 å stå opp for desse – også når isolasjonistiske krefter i mange land trugar dei. Vi er éi jord, eitt folk, anten vi snakkar om klimakrise, epidemiar eller krig. Vi kan berre finne vegen ut av dei store krisene saman, understreka Bjørlo.

– Må leve med minna

– Det å vere ute i krig, og det å vere heime og leve eit kvardagsliv, det er to ulike liv. For oss – det store fleirtalet som berre har opplevd «kvardagslivet» – er dette utruleg vanskeleg å leve seg inn i. Dei som har vore ute i internasjonal teneste i krigsområde er i kvardagen åleine med opplevingane sine, åleine med minna. Det «synest ikkje på dei», men dei kan aldri legge minna bak seg. Dei må leve med dei resten av livet, sa Bjørlo og konstaterte at vi treng å bli minte på kva innsats veteranane våre har lagt ned, og kva dei har vore med på.

Saman med ordførar i Stryn og nestleiar i Nordfjordrådet, Per Kjøllesdal, la han ned ei blomehelsing på minnesmerket til dei frå Nordfjord som ofra livet for fridomen vår i krigsåra 1940-45.

Også Frode Fagerli frå Norske Reserveoffiserers Forbund, Sveinung Mæland Pile frå HV-11 og Dag Magne Sætren frå Eid Røde Kors heldt tale under markeringa på Nordfjordeid.

Eid musikklag spelte.