– Må gjere tilbodet attraktivt





Oppvekstutvalet legg opp til at skulane i samarbeid med kyrkja i Gloppen held fram med å gjennomføre skulegudstenester. – Eg er opptatt av at elevane skal få eit attraktivt tilbod, sa Svein-Ottar Sandal (KrF).





Skulegudstenesta skal ikkje fungere som ei avslutning før
ferien, og skulane skal syte for god informasjon om skulegudstenestene, sikre
retten til fritak og gode alternative opplegg for dei elevane som ikkje deltek.





– Må utvikle tilbodet





Utdanningsdirektoratet har kome med ein rettleiar som ser på
rammene og problemstillingar knytt til det å la elevane delta på
skulegudstenester. Skulane er oppmoda om å leggje til rette for at elevane kan
delta på skulegudstenester, både gjennom vedtak i Stortinget og i
læreplanverket.





Svein-Ottar Sandal var glad for at det var kome ein rettleiar.





– Dei fleste elevar deltek på skulegudstenestene, og ein må jobbe med å utvikle tilbodet. Kyrkja må sjølv ta eit stort ansvar for å gjere tilbodet interessant og attraktivt, men det vil ikkje skade om det er ein dialog mellom kyrkja og skulane på dette, meinte han.





Hege Lothe (SV) var opptatt av at dei alternative opplegga må vere gode.





– Kanskje kan det vere ein idé at elevar som går på Sandane skule kan ta ein tur på omsorgssenteret i staden for å sitje i eit klasserom? I saksutgreiinga vert det vist til at vi har fått fleire innvandrar i kommunen, men dei som verkeleg har pressa på for å få alternativ til skulegudstenester er Humanetisk forbund og ateistane, kommenterte ho.