Formannskapet lukka møtet då dei skullr diskutere hallane torsdag

Lukka møte om hallane i Jølster

Etter at formannskapsmøtet torsdag var over, var det tid for møte i styringsgruppa for dei to planlagde hallane i Jølster.



– Neste møte i kommunestyret blir eit skjebnemøte for hallane, sa ordførar Oddmund Klakegg innleiingsvis i møtet. Han sa også at det har vore arbeidd godt og lenge for å få prisen på hallen på Skei ned mot den vedtekne råma, før møtet vart lukka.

Viktig å halde ramma
Ordføraren sa også at det har vore arbeidd godt med hallen på Vassenden og også der nærmar dei seg ramma for kostnader.
– Eg er optimistisk med omsyn til å få det til, var det siste ordføraren sa før møtet vart lukka. Etter møtet var det naturleg nok ikkje så mykje han kunne seie, ettersom mykje av det som var handsama av styringsgruppa, er slikt som har teieplikt.
– Er det garderobeanlegget som er fjerna eller har fått ei billegare løysing, som gjer at prisen no nærmar seg den vedtekne ramma?
– Eg kan ikkje seie noko konkret om det, men her har vore forhandla godt og lenge, meir kan eg ikkje seie. Men det er veldig viktig at vi kjem ned mot denne ramma skal dette kunne realiserast, var meldinga frå ordføraren. Det er i så fall snakk om minst 20 millionar i prisreduksjon i høve til det billegaste tilbodet som kom inn på i overkant av 68 millionar. Prosjektgruppa si kalkyle for hallen på Skei, var på

Ein månad å gjere på
Første kommunestyremøte i det nye året er tidfesta til 28 februar. Til den tid må prisar vere ferdigforhandla og kontrakt underskriven. Fristen for å søkje spelemidlar var eigentleg 25. januar, men kommunen har fått utsetjing til etter kommunestyremøtet.
– På dette møtet må det gjerast vedtak om oppstartplan og finansiering. Eg ser at det kan vere vanskeleg å samle inn pengar til eit prosjekt som blir oppfatta som konfliktfyllt, men eg har veldig god tru på at dei kjem i mål, sa ordføraren om hallen på Skei.
– I februar skal fellesnemnda for ny kommune i Sunnfjord sjå på budsjetta til dei fire kommunane og det skal også vedtakast eit skuggebudsjett. Kva tenkjer du om det?
– Eg er ikkje nervøs for fellesnemnda. Eg har god tru på at dette skal ordne seg, avslutta ordføraren.

Kjell Navelsaker (H) er leiar for prosjektnemnda for hallen på Vassenden. Han har tidlegare uttalt seg kritisk til samarbeidet med administrasjonen, men det har endra seg.

-Vi arbeider målretta med hallplanene og samarbeidet med administrasjonen er veldig godt, og det er bra, sa Navelsaker då vi snakka med han etter møtet.