Heim   >   Fylket   >   Luftambulansen i Bergen er mindre tilgjengeleg enn før

113-appen. Norsk Luftambulanse. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Luftambulansen i Bergen er mindre tilgjengeleg enn før

Luftambulansen i Bergen var utilgjengeleg meir enn tre gonger så ofte i 2018 som året før, grunna reglar for kviletid, melder NRK.

– I 2018 var luftambulansen utilgjengeleg 35 gonger, mot elleve gonger i 2017 og fem i 2016, seier Øyvind Østerås, leiar for akuttmedisinsk avdeling i Helse Bergen til NRK.

Luftambulansen har heile Hordaland, og i tillegg delar av Rogaland og Sogn og Fjordane som operasjonsområde, og er bemanna heile døgnet. Kviletidsreglane er dei same som i Luftfartstilsynet: Har ein floge meir enn 14 timar det siste døgnet, blir ein pålagt ei kviletid på åtte timar.

I ei doktorgradsavhandling om luftambulansen ved UiB har Østerås sett på 42.500 luftambulanseoppdrag i Førde, Bergen og Stavanger, frå 2004 til og med 2013. Før 2013 var det svært sjeldan at luftambulansen ikkje kunne rykke ut på oppdrag fordi dei har floge for mykje. Etter 2013 har dette hendt oftare og oftare.

Årsaka er ikkje klarlagt, men Østerås trur ein av grunnane kan vere at det er fleire personar som er på fjelltur utan å vere fysisk rusta til det. Ei anna endring som kan ha hatt innverknad, er at sjukehusa har vorte meir spesialiserte dei siste ti åra, og at eitt av sju oppdrag no er å flytte pasientar mellom sjukehusa.

– Overføring mellom sjukehus er krevjande, og tar mellom to og tre timar. Oppdraga er med på å bruke av den tida luftambulansen har til rådigheit før ein blir utmeld på tid, seier Østerås til NRK. (©NPK)