Heim   >   Nyhende   >   Lokalmatfest på Gloppen Hotell

Preben Moen, Gloppen Hotell.

Lokalmatfest på Gloppen Hotell

Lokalmat frå Vestlandet står i fokus når Hanen inviterer til storslått 20-års jubileum på Gloppen Hotell måndag og tysdag.

– Vi gleder oss til å nytte jubileet som ein arena for å vise fram det flotte mangfaldet av lokal mat og drikke som Vestlandet kan by på, uttaler Bernt Bucher-Johannessen, dagleg leiar i Hanen.

Hanen er næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Noreg.

At feiringa av jubileet vert lagt til Gloppen Hotell, er ikkje tilfeldig.

– Hotellet har vore medlem i Hanen i fleire år, og er ein flott representant for norsk bygdeturisme saman med dei andre medlemsbedriftene våre på Vestlandet og i resten av Noreg. Jubileumslandsmøtet gjenspeglar den sterke utviklinga i norsk bygdeturisme og lokalmat gjennom dei siste tjue åra, og vi skal for første gang dele ut prisen «Årets gullhane» til ei medlemsbedrift som har utmerka seg positivt, seier Bucher-Johannessen.

Les meir i papirutgåva måndag.