Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Lokale vektløftarar til nasjonal treningssamling

Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda skal også i år på nasjonal treningssamling

Lokale vektløftarar til nasjonal treningssamling

Norges Vektløftarforbund skal første veka i juli ha ei nasjonal sommarsamling for dei tre høgast rangerte ungdoms- og juniorløftarane av begge kjønn, i alt 12 løftarar.

I år kjem fem av desse frå region Nord-Vestlandet, og dei representerer klubbane Breimsbygda, Jølster og Tambarskjelvar.

To vart til fem

I fjor var to løftarar frå vår region med på denne samlinga, nemleg Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda og Oda Helen Sunde svendsen frå Jølster. I år får dei følgje av tre gutar frå Tambarskjelvar, nemleg Henrik Reiakvam og Kristen Espedal Røyseth i gutar ungdom og Ragnar Holme, junior.

– Totaltalet og spreiinga på laga er uttrykk for god jobbing og godt samarbeid i heile regionen, seier regionsleiar Ola Bergheim.

Oda Helen Sunde Svendsen frå Jølster skal også på nasjoal treningssamling, som i fjor. arkivfoto.