Illustrasjonsfoto UKM. Foto: Ida Falkgjerdet Svåi.

Løft for ung kultur

Åtte prosjekt i fylket har fått støtte til arbeidet med å løfte og utvikle arbeidet med UKM.

I alt har dei åtte prosjekta fått 113 000 kroner i stimuleringsmidlar frå UKM Norge.

Sogn og Fjordane er dermed eitt av dei fylka som får mest pengar til å sette i gang prosjekt for å utvikle UKM.

 

Stor spennvidd
– Dette er god utteljing! Eg er veldig glad for at alle i fylket som har søkt, har fått støtte frå stimuleringsmidlane. Det er viktig for å utvikle det lokale arbeidet med UKM og for å levere ein endå betre fylkesfestival, seier Sissel Aarseth, fagkoordinator for kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ung kultur møtest, forkorta til UKM, blir gjennomført som ei årleg mønstring av kultur for unge mellom 10 og 20 år. Dei unge kulturutøvarane deltek i ei lokalmønstring og enkelte får også delta i fylkesfestivalen og i den nasjonale UKM-festivalen. Spennvidda innan UKM er stor, med alt frå framsyningar i dans og teater, til musikk, film, visuell kunst og e-sport.

Åtte prosjekt
UKM Norge set kvart år av to millionar kroner til lokale initiativ over heile landet. Stimuleringsmidlane skal ikkje erstatte driftsbudsjettet til dei lokale arrangørane, men bidra til utvikling, auka deltaking og engasjement blant ungdom.

Desse prosjekta har fått støtte:
 



















































Kommune / søkjarNamn på prosjektTildeling
Selje kommuneEin Stad der Ung Kultur Møtast15 000
Stryn kommunePangstart for UKM Stryn8 000
Bremanger kommuneUKM Spelegal, Bremanger Showdown15 000
Gulen FrivilligsentralUKM workshops15 000
Kinn UKMRekruttering og starten på ein felles identitet15 000
Førde kommuneUKM Sunnfjord – E-sport15 000
Sogn og Fjordane fylkeskommunePlanleggingshelg for arrangørar 200220 000
Sogn og Fjordane fylkeskommuneFestivalredaksjon 202010 000