Loen skylift opna 20 mai 2017. To år etter opna Voss Gondol. No meiner eigaren av Loen skylift at Voss Gondol har etterlikna logoen deira. Foto: Terje Pedersen/NTB scanpix/NPK.

Loen Skylift skuldar Voss Gondol for logo-plagiat

Loen Skylift meiner Voss Gondol hermar etter logoen deira, og går til sak mot den nye gondolbanen på Voss.


Loen Skylift opna i 2017, og to år etter opna Voss sin eigen gondolbane. No meiner Richard Grov, hotellsjef og hovudeigar i Loen Skylift at logoen til Voss Gondol liknar for mykje på deira eigen logo. Det var Bergensavisen som først skreiv om saka.


– Vi brukte mykje kreative krefter på namnet vårt, logoen og sjølve prosessen, og det er del av vår eigedom, seier Grov til Dagens Næringsliv.


Øyvind Wæhle, administrerande direktør i Voss Gondol, opplyser at dei er ueinige med Loen Skylift, og seier til DN at dei ikkje har fått noko tilbakemelding om at logoane er for like.


Dersom ein skal vinne fram med eit søksmål om plagiat, må ein vise at logoane er så like at det er fare for forveksling, som at forbrukarar tar feil av kva for bane det er snakk om, eller at dei trur det er snakk om same selskap, opplyser professor Inger Berg Ørstavik ved UiO til DN.


Saka kjem opp i Bergen tingrett i april.


(©NPK)