Home   >   Nyhende   >   LO fryktar tørkekrisa kan føre til tapte arbeidsplassar

Illustrasjonsfoto: Lise Åserud/NTB scanpix/NPK.

LO fryktar tørkekrisa kan føre til tapte arbeidsplassar

LO-topp Jan-Egil Pedersen fryktar at tørkekrisa i landet kan føre til at arbeidsplassar kan gå tapt i næringsmiddelindustrien om det ikkje blir teke grep.

– Det er kritisk. Om det blir ein situasjon der mange dyr blir slakta, kan det ta år før produksjonen er oppe igjen. For mine medlemmer kan det bli mykje å gjere ei kort tid framover, og så veldig lite i lang tid , seier Pedersen til Klassekampen.

Han er leiar av LO-forbundet Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) som har 30.000 medlemmer.

Tørken har ført til fôrmangel for mange bønder, og importprisen er høg. Pedersen meiner styresmaktene må ta grep og gjere tiltak som gjer at det importerte fôret blir billigare for bøndene.

– Vi kan risikere å bli meir avhengige av import. Dette kan gå ut over norske arbeidsplassar, seier han.

Næringsmiddelindustrien er ein av dei største fastlandsindustriane i Noreg og sysselset om lag 20 prosent av alle industriarbeidarar.

Alle parti i opposisjonen på Stortinget har gjort det klart at dei er klare til å stemme for dersom regjeringa kjem til Stortinget med forslag om å løyve pengar til ei krisepakke for landbruket. (©NPK)