Liv Ullmann. Foto: Morten Krogvold.

Liv Ullmann til Trivselshagen

Søndag 13. oktober kjem ei av dei største stjernene i landet, Liv Ullmann, til Sandane. Her vil ho fortelje om livet, karrieren og alt ho drøymer om å gjere.

Ullmann er ein av våre aller største stjerner, og med "LIV" skal Riksteatret og Nationaltheatret sørge for at publikum over heile landet får møte henne der dei sjølve bur. Møte henne på scena i ein openhjartig samtale med teatersjef Tom Remlov.

– Å reise rundt i Noreg og møte publikum på heimebane er ein av dei tinga eg har drøymt om å gjere igjen heilt sidan eg spelte i «Lang dags ferd mot natt» på turné med Riksteatret. Denne gongen møter eg publikum som meg sjølv. Som Liv. Det er ho eg aller best likar å vere, seier Liv Ullmann (80).

– Eg håpar publikum vil stille meg spørsmål som eg aldri har fått før, seier Ullmann, som saman med Tom Remlov vil inkludere spørsmål frå publikum kvar kveld på turné.

«LIV» blir eit møte med den unge skodespelarinna, med Hollywood-stjerna og med den modne regissøren og menneskerettsaktivisten. Det gjennomgåande temaet vil vere Ullmann sitt ønske om samspel med menneska ho møter, og det ansvaret eit stort talent medfører, enten det er for kollegaer, for livsvilkåra våre – eller for publikum.