Liv Ullmann kjem med framsyninga «LIV» til Trivselshagen.

Liv Ullmann er klar for Trivselshagen

Framsyninga «LIV» er eit tett møte med Liv Ullmann, der ho som ein ekte historieforteljar brettar ut det eventyrlege livet sitt i ein openhjartig samtale med teatersjef Tom Remlov. 

– Liv Ullmann er ein av våre aller største stjerner. Heile verda har vore hennar scene. Alltid på reise. Alltid på veg til nye oppgåver. Alltid nysgjerrig på nye moglegheiter og uventa utfordringar som ventar ved neste korsveg, fortel regissør Bentein Baardson.

– Vi vil vise Liv sitt utrulege livsforløp og gje deg eit innblikk i korleis ho har levd livet, både som «Liv» og som «Liv Ullmann». Som menneske, skodespelar, regissør og menneskerettsaktivist. Framsyninga har vi valt å lage som ein teatersamtale mellom to kloke menneske, som begge har vore opptekne av å bruke livet sitt til beste for fleire enn dei sjølve, held han fram.

– Å reise rundt i Noreg og møte publikum på heimebane er ein av dei tinga eg har drøymt om å gjere igjen heilt sidan eg spelte i «Et dukkehjem» på min første turné med Riksteatret. Denne gongen møter eg publikum som meg sjølv. Som Liv. Det er ho eg aller best liker å vere, seier Liv Ullmann (80).

Liv Ullmann kjem til Trivselshagen på Sandane søndag 13. oktober.