Liv Signe Navarsete. Foto: Lise Åserud/NTB scanpix/NPK.

Liv Signe Navarsete tek ikkje attval

Tidlegare Sp-leiar Liv Signe Navarsete har meldt frå til nominasjonskomiteen i Sogn og Fjordane Sp at ho ikkje tek attval til Stortinget i 2021.


Det melder Navarsete i eit innlegg på Facebook tysdag kveld.


– No er det tid for generasjonsskifte på Senterpartiet si liste til stortingsvalet i 2021. Eg håper nominasjonskomiteen ser framveksten av unge, reflekterte politikarar i partiet, som har Senterpartiet sine verdiar og grunnsyn i ryggmargen, skriv Navarsete.


Ho understrekar at ho ikkje er lei av stortingsarbeidet, eller har mista gløden for politisk arbeid i Senterpartiet.


– Men 16 år er lang tid, og eg har i 2021 vore samanhengande folkevald for Senterpartiet i 30 år. Eg er uendeleg takksam for tilliten eg har fått frå partiet og veljarane gjennom alle desse åra, skriv ho.


Liv Signe Navarsete er 61 år, og var leiar for Senterpartiet frå 2008 til 2014. Ho var òg samferdselsminister frå 2005 til 2009 og kommunal- og regionalminister frå 2009 til 2013.


(©NPK)