Litt av kvart å ta tak i

Statens vegvesen hadde kontroll ved RV 5 på Skei søndag kveld.

20 køyretøy var innom kontrollplassen, 16 av dei vart kontrollerte nærare.

Eitt køyretøy var kravd avregistrert  etter uteståande mangel frå tidlegare kontroll, men fekk ordna opp på plassen. Fire køyretøy fekk mangel på lysfeil. Fire fekk køyreforbud, eitt på manglande transportløyve, eitt for sikthindrande gjenstandar i frontruta, to på køyre- og kviletid.

Fire vart kontrollerte for køyre- og kviletid og det gav dette resultatet:

1 Advarsel køyre- og kviletid + oversending til foretakskontroll.

1 advarsel køyre- og kviletid og pålegg om eitt døgn kvil før vidare køyring.

1 advarsel køyre- og kviletid og pålegg om kvile til ny veke har starta på grunn av overskriding av køyretid i to veker-perioden + bedriftskontroll.

Det vart skrive ut eitt gebyr for dekk under under minstedjupne og gjeve eitt pålegg om bruk av kjetting på snø og isdekt veg, gjennomsnittleg mønsterdjupne 5,5 mm og dårleg eigna.