Home   >   Nyhende   >   Lite å spare på å køyre for fort

Foto: Knut Fjeldstad/NTB scanpix/NPK.

Lite å spare på å køyre for fort

Mange gir litt ekstra gass på vegane i sommar. Det er derimot lite tid å spare på å køyre for fort, ifølgje NAF.

– Aukar du farten frå 80 til 90 kilometer i timen, kjem du fram 50 sekund raskare på ei mil, seier Nils Sødal, fungerande kommunikasjonssjef i NAF i ei pressemelding.

Aukar du farten frå 90 km/t til 110 sparar du eitt minutt og 13 sekund per mil. Held du jamt 110 i ti mil sparar du 12 minutt og 17 sekund. For dei fleste blir innsparinga mindre, då dei færraste klarer å halde jamt 20 km/t over fartsgrensa i så lang tid. Samstundes som ein sparar veldig lite på å køyre 10 kilometer i timen raskare enn fartsgrensa, aukar risikoen for å krasje.

– Det er gode grunnar til at fartsgrensene er det dei er på vegnettet vårt. Du aukar også sjansane for å ta dårlege val i trafikken. Nøkkelen er å stresse ned, og hugse at du er på ferie og ikkje har dårleg tid, seier Sødal. (©NPK)