Ligg til rette for alle tiders countryfest

- Det var fantastisk stemning. Eg har aldri sett så mykje folk på arenaen på ein torsdag som eg gjorde i går, seier dagleg leiar for Norsk Countrytreff, Arve Kleppe. 

Alt ligg til rette for at countrytreffet i Breim i helga skal skrive seg inn i bøkene som det beste nokon gong. Vêrmeldingane er strålande, og førehandssalet av billettar ber von om tilskodarrekord.

- Det har vore veldig stor tilstrøyming til festivalcampingane. Øvre camping er heilt full. Vi sleit med å få plass til alle, men takka vere at Helge Råd forbarma seg over oss og let oss oss bruke eit nytt område, fekk vi plass til alle som hadde bestilt. Ein halv time etter at vi fekk klarsignalet, var fire traktorar i sving med å rundballe og gjere området klart til camping, smiler Kleppe som ikkje kan anna enn å takke og bukke for velvilja bygdefolket gong på gong viser overfor festivalen han leiar.

Mange ventar at kyrkjekonserten laurdag, med mellom andre Tanya Tucker på plakaten, blir eit høgdepunkt.

- Dei nummererte plassane er heilt utselde, men det er framleis ledige billettar langs veggene og på galleriet. Det ser ut som vi skal greie å fylle kyrkja igjen. Det er kjekt. Vi har arbeidd beinhardt med det lenge, kyrkjekonserten har hatt ein litt fallande tendens dei siste åra, seier Arve Kleppe.

- Og elles har du alt under kontroll før det heile brakar laus for alvor?

- Ja, i grove trekk har vi det.

Då er det berre å finne fram cowboyhatten og legge kursen mot Breim...