Home   >   Nyhende   >   Lemlesta krabber i teinene

Taskekrabbe utan klør vil svelte i hel, fordi han brukar klørne for å skaffe seg mat. Foto: Kari Hamre / NPK

Lemlesta krabber i teinene

Krabbefiskarar får stadig oftare krabber i teinene sine utan klør. Styresmaktene meiner det er dyreplageri.

– Det er om lag som vi skulle hatt hjortejakt berre for indrefileten og kasta resten, det er uhøyrt, seier fiskar Arnt Wilhelm Milde til NRK.

Han har ofte fått krabbe utan klør i teinene sine. Samtidig ser han at fleire og fleire reklamerer med at dei har kilovis med krabbeklør til sals.

Milde hevdar at fleire av dei som sel krabbeklør, fjernar klørne for så å sleppe krabben ut att i sjøen. Ifølgje Mattilsynet er dette forbode, fordi krabben truleg vil døy dersom han ikkje får mat. Krabben brukar nemleg klørne for å skaffe seg mat.

Vidar Ulriksen, regiondirektør i Fiskeridirektoratet, reagerer sterkt på den lidinga krabben blir utsett for.

– Dette er jo dyreplageri og heilt forkasteleg. Om dei ikkje vil nytte seg av innmaten i krabben, er det betre om dei kakkar han i hel før dei hiv han på sjøen.

<p>(©NPK)</p>