Heim   >   Fylket   >   Leitearbeidet held fram i dag

Leitearbeidet held fram i dag

Med ein fjernstyrt undervassfarkost vil redningsmannskap prøve å finne mannen som er sakna etter jordskredet i Jølster tysdag.

Oppryddings- og sikringsarbeidet etter rasa tysdag var ikkje avslutta onsdag. Då det vart klart at ein person var sakna etter raset over fylkesveg 451 ved Årnes, vart det gjort søk frå lufta og frå båt etter den sakna mannen, men utan funn. Torsdag ved 12-tida vil derfor søk under vassflata starte.

– Vi har fått rekvirert ein fjernstyrt undervassfarkost (ROV) frå Bergen som vil kome og hjelpe oss i morgon. Forhåpentlegvis vil søket starte rundt klokka 12, seier innsatsleiar Synnøve Domben til NTB.

Store ras

Far Jonny og sonen Ole Jonny Hundvebakke bur i området der rasa gjekk tysdag kveld. Dei skjønte først ikkje kva lydane kom av og gjekk ut for å undersøke.

– Eg gjekk ut for å sjå, men hadde aldri sett for meg dette, seier Ole Jonny Hundvebakke.

Dei skildrar eit veldig vêrskifte. 30 varmegrader og sol vart til lyn, tore og kraftige regnbyer berre på minutt. Dei anslår at uvêret varte i fleire timar. Store steinmassar og jord rasa ned fjellsida og ut over vegen. Ein gammal verkstad vart gravlagd i steinmassane, og fleire tre er rivne opp. Verken far eller son har opplevd slike ras før.

– Her går det ikkje ras. Eg har aldri sett at det har gått ras der før, seier Ole Jonny og peikar mot raset over fylkesveg 451 der den sakna mannen skal ha vorte tatt.

Hyppigare i framtida

Klimaforskar Borgar Aamaas ved Cicero er medforfattar av rapporten «Oppdatering av kunnskap om konsekvensar av klimaendringar i Norge» for Miljødirektoratet. Til VG seier Aamaas at slike ras som i Jølster vil kome hyppigare i framtida.

– Det eine er at nedbøren vil bli meir intens og ofte kraftigare. Som vi har sett over år vil det føre til fleire og større regnflaumar. Deretter er det havnivåstiging og til slutt fleire jord, flaum- og sørpeskred, seier Aamaas.

Forskaren seier det berre er éin ting som kan hindre dei nemnde konsekvensen og der kutt i dei globale utsleppa av klimagassar. Viss ikkje må ein gjennomføre sikringstiltak i rasutsette område.

– Har sin pris

– Det er fornuftig å bruke meir pengar på å sikre befolkninga mot ras, men vi kan altså ikkje sikre alt. Noreg er vilt og vakkert, men det har sin pris når vi ser kva ekstremvêr har av konsekvensar, seier samfunnstryggleikminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp) til VG.

Statsråden seier det kan vere aktuelt å flytte folk frå område ein veit er utsett.

– Vi måtte gjere det på Svalbard og det kan vere aktuelt fleire stader, seier ho. (©NPK)