Inger Lind Aasen (t.v.) tek over som leiar i Jølster pensjonistlag etter Kjellaug Grimsbø som har hatt vervet i ti år.

Leiarskifte i Jølster pensjonistlag

Etter ti år skal det bli godt å sleppe. Du går på eit vis tom etter så lang tid, seier Kjellaug Grimsbø. Torsdag gjekk ho av som leiar av Jølster pensjonistlag.







Inkludert 30 direkteinnmelde i Norges
Pensjonistforbund, som nyleg er overførde til lokallaget i Jølster, har laget
100 medlemmer. Av desse var nesten halvparten samla til årsmøte på
omsorgssenteret på Vassenden onsdag.





Bratt karriere





Den nye leiaren i pensjonistlaget heiter
Inger Lind Aasen, og har bakgrunn både frå organisasjonsliv og lokalpolitikk.





  –
Eg har nett meldt meg inn i laget og har vore med på eitt møte tidlegare,
fortalde den nye leiaren som dermed har fått ei rimeleg bratt karrierekurve i
laget.





– Har du ei programerklæring å kome med når du no går inn i eit viktig verv?





– Først må eg setje meg inn i ting, og så får eg prøve å støtte meg på resten av styret. Men éin ting er sikkert; eg kjem ikkje til å bli sitjande i ti år som leiar, då er eg redd at eg har gløymt kvifor eg sit der.





Den avtroppande leiaren, Kjellaug Grimsbø, er oppteken av at laget må få tak i fleire av dei yngre pensjonistane, noko den nye leiaren er samd i.





– Vi er for seine med å melde oss inn i laget. Det må vi få gjort noko med, seier ho.





Som normalt





Det store frammøtet er på ingen måte
uvanleg, fekk vi oss fortalt.





– Vi satsar på å ha godt og variert program på medlemsmøta våre. Då møter folk opp, fortalde styremedlem og sekretær, Åsa Førde.





Laget er også opptekne av allsong, noko vi fekk mange døme på under årsmøtet. Det var også lett å høyre at det var mange tidlegare korsongarar i møtelyden.





Elles er song og musikk noko som alltid står på programmet når pensjonistlaget møtest, og til årsmøtet denne gongen hadde dei vore til Gloppen for å hente musikalske krefter. Etter at den formelle delen av årsmøtet var unnagjort, dukka det opp ein kjend duo, nemleg Hege Alme og Jørn Moen. Dermed var det duka for ein minikonsert der dei framførde både kjende og litt meir ukjende songar. Mellom anna fekk vi høyre eit lite utval av Jørn Moen sine komposisjonar og tekstar.





Dei to glopparane fekk stor og velfortent applaus, før dei sette kursen heimover, og dei lova å kome att om det skulle vere ønske om det.





Applaus fekk også Anny Flatjord som las opp, mellom anna frå stubbane til Sigurd Nesdal. Men vi fekk også høyre om ein ekte og innbarka pessimist som ikkje hadde mykje godt å seie om vinteren.







Aktivt lag





Av årsmeldinga kan vi sjå at Jølster
pensjonistlag har hatt ein god del aktivitetar gjennom det siste året. I
samarbeid med Røde Kors omsorg har dei hatt kafédagar på omsorgssentera, og det
har vore arrangert turar som gjerne går i lag med pensjonistane i Førde.





Laget har også vore representert både på fylkeslaget sitt årsmøte og på landsmøtet til pensjonistforbundet. Elles kan vi lese i årsmeldinga at laget hadde til saman åtte tilstellingar i fjor der dei hadde både gode og varierte underhaldningskrefter. Eitt av desse var sommarfesten i Skei misjonshus, der det stod rømmegraut på menyen.





Alt i alt er det eit aktivt og optimistisk lag som i fjor hadde 40-års jubileum og fekk skryt for arbeidet sitt av fylkesleiar Per Kjelstad. Neste torsdag skal dei ha møte på omsorgssenteret på Vassenden for å organisere frivillig innsats for å prøve å stable på beina att noko av den nedlagde aktiviteten til dagsenteret, som vi skreiv om for ei veke sidan.





Elles møtte vi ein kar på slutten av møtet som hadde hatt litt helseplager, men likevel ikkje ville klage.  





– Eg snur meg etter damene framleis, men eg har gløymt kvifor, smilte han.

Det vanka blomar og gode ord til både avtroppande leiar Kjellaug Grimsbø og Knut Osvoll, som har vore kasserar, og som også gjekk ut av styret.