Mona Veks har fått ny dagleg leiart. Ho tek over etter Steinar Sægrov som har hatt stillinga i 14 år. Han blir pensjonist frå første mars.

Leiarskifte hos Mona Vekst

I snart 14 år har Steinar Sægrov vore dagleg leiar. No gjev han frå seg roret.

Birgith Hjelle Roset kjem frå SFE og tek over frå første mars. – Dette er ein utruleg interessant jobb, seier ho.

Steinar Sægrov har lang fartstid i Mona Vekst. Han starta i 1996 i det som den gongen heitte Mona Arbeidssenter som tilretteleggar i ordninga «Arbeid med bistand». I snart 14 år har han vore dagleg leiar.

Stor vekst
I løpet av desse åra har bedrifta vore gjennom store endringar. Sidan 2005 er talet ordinært tilsette auka frå fem til 20. I tillegg er det om lag 50 personar på tiltak.

– Det har vore 22 spennande og utviklande år både for meg og for bedrifta. Kvart år har hatt sine milepælar enten med tanke på nye tiltak eller nye tenester, seier Sægrov. Dei siste åra har Mona Vekst levert tilbod og konkurrert om svært mange oppdrag både innan attføring- og vaskeritenester.

– Det har vore både krevjande og lærerikt, seier han og er litt overraska over kor stort omfang slike tilbodskonkurransar har fått. No skal han bli pensjonist.

Lang prosess
– Steinar har over litt tid sagt at han ønskjer å tre tilbake. Å tilsetje ny dagleg leiar har teke litt tid, men vi har vore gjennom ein grundig prosess, fortel styreleiar Jon Gimmestad. Stillinga vart utlyst i september.

– Det var bra stor interesse, og vi landa på Birgith Hjelle Roset. Ho har takka ja til jobben, og det er vi glade for, seier Jon Gimmestad og opplyser at ho vert å finne hos Mona Vekst frå første mars.

– Steinar har vore uvanleg fleksibel i denne perioden, og eg er trygg på at Birgith vil få ein mjuk overgang til den nye jobben, seier Gimmestad.

Svært interessant
Birgith Hjelle Roset (50) er frå Gloppen, bur i Bukta og kjem frå ei stilling som konsernsekretær og sponsorkontakt i Sogn og Fjordane Energi der ho tidlegare hadde mellomleiarstilling i SFE Kraft og til saman ti års fartstid i konsernet. Ho har utdanning frå hotellbransjen og leiarerfaring frå Gloppen Hotell og grossistverksemda Maske Gruppen AS.

– Eg tykkjer dette er ein utruleg spennande, og ein av dei mest meiningsfulle, jobbane som finst i Gloppen. Mona Vekst er ei svært viktig bedrift for både den enkelte og samfunnet, seier den nye daglege leiaren og meiner dei mellommenneskelege relasjonane er viktige å ta vare på.

Siste tida har ho teke utdanning i relasjonsleiing i regi av Høgskolen i Oslo i samarbeid med Folkeuniversitetet i Sogn og Fjordane. No skal ho bli betre kjent med Mona Vekst.

– Vi har prata litt allereie. I tida som kjem skal vi sjå inn i framtida, og eg skal førebu meg på det som ventar, seier Birgith Hjelle Roset og ser fram til eit sporskifte i yrkeslivet.