Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Legg ned Elkjøp Sandane

Legg ned Elkjøp Sandane

Elkjøp Sandane blir stengd til hausten, samstundes som kjeda opnar ny butikk på Nordfjordeid, opplyst Elkjøp i ei pressemelding. 

– Avgjerda om å stengje Elkjøp-butikken på Sandane og opne butikk på Nordfjordeid er tatt etter å ha vurdert butikkportefølja nøye, med tanke på omsetning, plassering og kundestraum, heiter det i pressemeldinga.

– Vi vurderer det slik at Eid er i ferd med å utvikle seg som eit meir attraktivt handelssentrum – også for nabokommunane, sier Vidar Grønnevik, styreleiar i Elkjøp Fjordane AS.

Tilsette ved Elkjøp Sandane får tilbod om å behalde arbeidsplassene sine og bli med på opninga av nytt varehus i Eid.