Leander Myklebust Seime ser fram til å spele med flagget på brystet under VM i handball. Han håpar å få så mykje speletid som mogleg.

Leander (20) er utteken til VM

Leander Myklebust Seime frå Breim er utteken til junior-VM i handball. Meisterskapet finn stad i Spania i midten av juli. – Det har ikkje gått heilt opp for meg enno. Eg gler meg veldig, seier Leander.


Breimningen, som til vanleg spelar i FyllingenBergen, er éin av to venstrekantar som er uttekne til VM. Dette er første gong han skal representere Noreg i eit meisterskap.

Ferskast på laget

Leander Myklebust Seime var på si første landslagssamling i januar i år. Der vart han godt motteken av ei gruppe som har spelt i lag på aldersbestemt landslag i fleire år. På den første samlinga gjorde han det bra, og han har sidan det vore på fleire samlingar, som til slutt resulterte i ein plass i VM-troppen.

– Det er utruleg kjekt å få representere Noreg i eit VM. Dei fleste andre på laget har mellom 30 og 50 kampar for landslaget, mens eg har berre to. Eg fekk mine første kampar førre helg, og er såleis ferskast på laget.

Han kan fortelje at det har vore tre venstrekantar på samlingane, men at det berre var plass til to i VM.

– Vi har vore tre ganske jamgode spelarar som har kjempa om plassane på venstre kant. Eg har i heile år visst at det kjem eit VM, men har ikkje tatt for gitt at eg skulle få vere med. Det har ikkje vore venta at eg skulle få ein plass i troppen, men eg har hatt ei god kjensle.

Håpar på speletid

I VM møter Noreg tøff motstand frå dei beste laga i verda for årskulla 1998 og 1999. Leander ser fram til å få bryne seg mot nokre av verdas beste spelarar, og håpar på speletid.

– Eg håpar på å få mest mogleg speletid, og å hjelpe laget til å kome så langt som mogleg. Det blir utruleg kjekt å få møte nokre av dei beste i verda på min alder. Då får eg sjå korleis eg ligg an i forhold til dei, noko som blir veldig kjekt.

Om Leander ikkje får så mykje speletid, blir han likevel ei viktig brikke på laget.

– Eg er minst like viktig som dei andre på laget, uavhengig av kor mykje eg får spele. Det er viktig å ha spelarar som kan støtte laget og hjelpe til mest mogleg. Vi skal ikkje fokusere så mykje på resultat i VM, men vi tar kamp for kamp, fortel han.

Oppkøyring i Sverige

Dagane fram mot meisterskapet blir hektiske. Landslaget skal på ei turnering komande helg, som ein del av oppladinga til VM.

– Tysdag reiser laget til Sverige for å spele Scandinavian Open. Der skal vi spele tre kampar, og får såleis meir kamptrening fram mot meisterskapet. Vi skal analysere videoar og få kjensla av korleis det er å spele i lag, seier han.

Etter kampane i Sverige får Leander ei veke heime, før kursen blir sett mot Spania.

– Den siste veka før VM blir det ein del eigentrening. Eg kjem til å trene styrke og springe for å halde kroppen i gang, slik at eg er rusta til meisterskapet.

– Vil leve av handball

Leander bur til dagleg i Bergen, satsar fullt på handball og spelar på eliteserielaget FyllingenBergen. Han er no inne i sin andre sesong med A-laget, og har nyleg signert ei ny toårskontrakt i klubben.

– Eg har kome godt inn i klubben. For å vere så ung, er eg blitt ein ganske etablert spelar. I år har eg fått mykje meir speletid enn førre sesong. Eg håpar å kunne spele meir og meir dei komande to åra, fortel han.

På sikt håpar breimningen å kunne spele for dei store klubbane i Europa.

– Mitt langsiktige mål er å kome meg til eit lag i ein av dei store ligaane, anten i Danmark, Tyskland eller Frankrike. Eg har lyst å kunne leve av handball. Det er draumen min, seier Leander.