Føraren slapp med skrekken då denne bilen i dag tidleg hamna i Jølstravatnet

Lastebil i Jølstravatnet

Det gjekk bra med føraren då ein lastebil, under arbeid på Bjørset-Skei hamna i Jølstravatnet under tipping av eit lass på ei lita fylling ved Bjørset.

-Det er for tidleg å seie noko om årsaka til uhellet, seier vegvesenet sin prosjektleiar på veganlegget, Svein Reidar Dale. Då vi var på staden var dei i gang med å førebu berging av lastebilen.



Skal gjennomgå rutiner

-No handlar det først om å berge bilen, sidan skal vi snakke med entreprenøren som skal skrive rapport om hendinga. Så får vi ta det derifrå, seier Dale som sjølvsagt er glad for at det ikkje vart personskade. Han karakteriserer i første omgang hendinga som eit hendeleg uhell, men legg til at vegvesenet har rutiner for korleis fyllmasse skal leverast på tippar som dette.

-Lasset skal tippast inne på tippen og så skal gravemaskin plassere det i vatnet. Kva som har vore gjort her får vi finne ut av etter kvart, seier Dale. Lastebilen tilhøyrer ein entreprenør i Jølster.

 

Prosjektleiar Svein Reidar Dale(nærast kamera) er glad for at det gjekk bra med føraren og vil prøve å finne ut av kva som gjekk gale då lastebilen hamna i vatnet.