Lappen rauk på Skei

Ein mann i 20-åra frå Rogaland må bu seg på ein periode som fotgjengar etter å ha køyrd gjennom UP sin laserkontroll i 60-sona på Skei i 87 km/t.

Det vart ein hektisk kontroll for polititenestemennene tysdag.

Dei skreiv ut eitt forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon og heile 30 forenkla førelegg for høg fart. Høgste målte fart mellom desse var 84 km/t.