Onsdag lanserer Firda Tidend og redaktør Aadne Gloppestad Firda Tidend pluss. Foto: Geir Skagen.

Lanserer Firda Tidend pluss

– No vil dei betalande abonnentane våre få tilgang til fleire av dei eigenproduserte nyhendesakene på nettsida vår, seier redaktør og dagleg leiar Aadne Gloppestad.

Til liks med dei fleste andre lokalavisene, kjem Firda Tidend no med ei lukka løysing på nett. For å få tilgang til sakene som blir merka med plussteiknet, må du abonnere. Onsdag blir den nye løysinga rulla ut på firdatidend.no.

Framleis sterkt papirfokus

– Vi må vere meir til stades der stadig fleire av dei nye lesarane våre er, det vil seie på Internett. For å kunne publisere fleire saker på nettet fortare, må vi ta oss betalt for det. Plussløysinga bidreg til dette, seier Gloppestad.

Fleire av nyhendesakene det hastar med å få ut til lesarane, vil no bli lagde ut på lukka løysing på firdatidend.no. Men redaktøren er snar med å understreke at auka digital satsing ikkje skal gå ut over innhaldet i papirutgåva.

– Alle sakene vi legg ut i den lukka nettløysinga vil også bli å finne i papirutgåva. Denne vil òg innehalde mange saker som ikkje blir publiserte på nettsida. Desse må ein ha papiravis eller e-avis for å kunne lese, seier Gloppestad og slår fast at papiravisa framleis vil vere basisen for Firda Tidend.

Håpar på fleire tingarar
Den utvida nettsatsinga gjer at tingarane i større grad enn tidlegare kan administrere abonnementet sitt sjølve.

– Alle med digitalt abonnement kan til dømes endre kontaktinformasjon eller leveringsadresse i feriar og liknande, seier redaktøren.

For å få tilgang til plussløysinga treng du brukarnamn og passord. Har du e-avis frå før, kan du sjølv ordne dette med å gå inn på «Mi side» på den nye nettavisa.

Har du ikkje e-avis, må du sende ein e-post til abo@firdatidend.no og gje opp adressa du ønskjer å få registrert passord på. Du vil så få informasjon om vidare framgangsmåte.

Er du ikkje abonnent frå før, må du trykke på «Abonner»-knappen og velje eit av tilboda som ligg der. Du vil då få tilgang kort etter.

– Vi håpar sjølvsagt den nye løysinga vil gje oss fleire tingarar, særleg i dei yngre generasjonane, seier Aadne Gloppestad.