-Eg er ein tungsindig sunnfjording, sa Oddmund Klakegg som meinte han har fått rett i sine spådomar om den nye kommunen.

Lang debatt om ordførarløn

Kommunestyret i Sunnfjord hadde onsdag føre sak om reglement for politikarane sine arbeidstilhøve. Sett i lys av bråket som vart etter ordførarvalet i september, måtte det bli debatt.



Det vart ikkje berre debatt, men ein debatt der ord som mistillit, uheldig, udemokratisk og uverdig vart brukte. Desse kom frå dei som ikkje var med på dei svært omdiskuterte forhandlingane om ordførarvervet i det som vart kalla lukka rom, og der varaordføraren sin stillingsprosent vart fastsett i ein sein kveldstime.

Hamsun
Dei som ikkje var med på dette møtet, der det ifølgje Norunn Lunde Furnes (KrF) ikkje vart diskutert pengar, berre stillingsprosent, var Ap, SV og Raudt.

I kommunestyret prøvde desse, så godt dei kunne, både å redusere ordførarløna og dei andre godtgjerslene. Det var mange kjensler involverte, og det heile toppa seg då Rune Hegrenes (Sp) som siste talar sette i gang med å sitere Knut Hamsun sitt meisterverk «Markens grøde». Kva denne litteraturen hadde å gjere med lønsnivået til Olve Grotle og Jenny Følling, er litt uvisst, men Hegrenes fekk i alle fall fortalt at han har lese Hamsun.

Elles var dette møtet også arena for sjølvkritikk og maning til å jekke seg ned og bruke ein mildare tone i omtalen av kvarandre. Marius Dalin (MDG), som var med på å signere den omstridde avtalen mellom H, Sp, V, MDG og KrF, der både ordførar og varaordførar fekk full stilling.

– Det heile kom skeivt ut etter valet, og det har ramma omdømet til den nye kommunen. Dette bør gje rom til ettertanke for alle som har vore involverte i prosessen. Og det handlar om måten vi snakkar om kvarandre på og måten vi omtalar kvarandre på, sa han i debatten.

Sp gjekk i forsvar
Det var sjølvsagt ikkje det minste overraskande at Sp forsvarte avtalen der Jenny Følling fekk full stilling med 75 prosent av ordførarløna som utteljing, ei heilt anna stilling enn dei 30 prosentane som Fellesnemnda i si tid gjekk for. Det var Jølster-ordførar Oddmund Klakegg som var våpendragar og talsmann for Sp i denne saka, og han var klar på at to heiltidspolitikarar var heilt naudsynt.

– Vi får større avstandar og færre politikarar. Det er stor skilnad på Jølster og den nye kommunen. Dermed må politisk arbeid godtgjerast. Vi hadde fire heiltidspolitikarar i dei gamle kommunane. No får vi to, og det er viktig at den politiske leiinga er synleg i heile kommunen, sa Klakegg som gjorde det klart at Sunnfjord treng to engasjerte politikarar.

Anne Lilleaasen (H) frå Gaular var samd med Klakegg og peika på at det er viktig at den nye kommunen skaffar seg ein posisjon i Vestland fylke.

– Det må dei to heiltidspolitikarane arbeide med, sa ho og la også vekt på at varaordføraren vil få ei anna rolle enn berre å steppe inn som møteleiar av og til.

– Vi har to dyktige ordførarar i Sunnfjord og vi bør ha råd til å ha dei i full stilling, meinte Terje Johan Helgheim (Frp) frå Jølster.



Skeptisk venstreside
SV og Åsmund Bertelsen frå Naustdal har tidlegare gått hardt ut mot ordføraravtalen, og han tok opp att kritikken på kommunestyremøtet. Han brukte ord som udemokratisk og ein uverdig prosess, og han gjekk langt i å kalle avtalen ein hestehandel.

– Avtalen handlar om at stemmer de på meg, så skal de få varaordføraren i full stilling. Det har vore ein udemokratisk prosess som er teken ut av dei demokratiske organa, sa Bertelsen, med ordførar Grotle intenst lyttande ved sida.

– Det står heller ingen ting i avtalen om at den skal godkjennast av kommunestyret, sa ein tydeleg irritert Bertelsen.

Raudt sin representant, Pål Helgi Hannesson, var sterkt skeptisk til både prosessen og storleiken på godtgjersla til ordførar og varaordførar.

– Det er feil å samanlikne ordførarløna med statsrådløn. Han bør ha løn som folk flest, og eg gjer framlegg om sju G som løn, altså 700.000 og 30 prosent av dette til varaordføraren, sa Hannesson.

Forsiktig Midtbø
Helge Robert Midtbø (Ap) frå Førde var den som mista både ordførar og varaordførarvervet. Han var relativt forsiktig i ordbruken, men peika på at det å fastsetje løn til seg sjølv er noko som bør gjerast med stor varsemd.

– Det er stort sett berre politikarar som kan gjere det, sa Midtbø som var både raus og forsonande då han gjorde det klart at kommunen har fått ein dyktig og erfaren politikar som varaordførar.

– Eg snakkar ikkje om person, men den prosessen som gjekk føre seg. På eitt eller anna tidspunkt bør vi ha ein generell debatt om desse sakene, meinte Midtbø.

Gunn Merete Paulsen (V) frå Førde var med på forhandlingane og gjorde det klart at ho stod for det som var gjort. Men ho hadde ikkje sans for dei som hadde snakka om mistillit i etterkant av ordførarvalet.

– Slikt er krevjande, sa Paulsen med adresse til Kjell Navelsaker som melde seg ut av Høgre og uttrykte offentleg mistillit til Olve Grotle i etterkant av ordførarvalet.

Navelsaker, på si side, ville ikkje seie meir om prosessen, men at ting blir gjort på denne måten andre plassar, er ikkje eit gyldig argument, meinte Navelsaker som vil ha ein diskusjon på innhaldet i varaordførarstillinga.

– Det kan godt hende det er rett å ha to heile stillingar, men vi må vite kva stillingane skal innehalde, sa den uavhengige representanten.

Ved avrøystinga fekk framlegget frå formannskapet fleirtal. Dermed får ordføraren 90 prosent av statsrådløn og varaordføraren 75 prosent av ordførarløna. Medlemmane i formannskapet får 15 prosent av ordførarløna, noko Marius Dalin (MDG) tykte var godt betalt.

Jenny Følling lytta til debatten, men sa sjølvsagt ingen ting.