Landsbylaurdag i kjærleikens teikn

Sjå bileta frå Kjærleikslaurdagen




Det var mange som kosa seg i Sandane sentrum laurdag.

I høve morsdagen og den nært føreståande valentinsdagen var det kjærleiken som var temaet for Landsbylaurdagen. Dei som møtte opp på Heradsplassen fekk med seg både barnekorsong, folketonar og eit lite glimt av den komande Grease-musikalen til 3.-klasse i musikk, dans og drama på Firda vgs.

Her er nokre glimt frå det som skjedde.