Foto: Asgeir Helgestad.

Landet smeltar under beina på «dronning Frost»

Med sin vakre og sterke film «Dronning utan land», om isbjørnen Frost og ungane Light og Lucky, har naturfotograf Asgeir Helgestad opna auga for mange om dramaet som no skjer på Svalbard. – Eg trur Arktis er tapt, seier han. Filmen er bakteppe for neste «Verda og vi».

Frost og ungane har vorte globale kjendisar. Filmen har fått stor merksemd og mange prisar, m.a. «banka» den stillfarne isbjørnfotografen i fjor sjølve David Attenborough og BBC sine påkosta naturfilmar under International Wildlife Film Festival i Rotterdam. Det vert sagt at Asgeir Helgestad (50) med filmen om Frost har klart det klimaforskarane slit med, å vekkje vanlege folk.

– Det er no kanskje å ta hardt i, seier Helgestad med eit smil.

Ein sterk bodskap

– Men målet mitt har ikkje vore å skremme folk eller bruke peikefinger. Eg ville lage ei vakker historie, som også er trist, og samtidig formidle ein viktig bodskap om det som skjer med klimaet vårt. Då vil ein også få flytt historia til beste sendetid på hovudkanalane. Det er ikkje min stil å hyle og skrike. Eg føler at eg har vore mild i min bodskap om at vi må legge om livsstilen. Eg vil vise verda slik eg opplever den her oppe i isbjørnen sitt rike. Røyndomen og dramaturgien i det som skjer er så sterk i seg sjølv at eg treng ikkje å bruke store ord i tillegg.

Det blir ikkje tid til å vise heile kinofilmen om Frost og ungane på Sandane, men det vil bli gode utdrag frå filmen, i tillegg til nye klipp som ikkje har vore viste før. Helgestad vil kommentere filmen undervegs, etterpå vert det ein samtale om dei utfordringane filmen so tydeleg viser.

Trefte igjen Frost

Det er ikkje mange som har frose og filma so mykje i polarisen som Asgeir Helgestad. Han begynte som naturfotograf på starten av 90-talet, og var på Svalbard for første gong i 1996. Det skulle bli starten på eit langt og eventyrleg kapittel, der ikkje minst isbjørn skulle spele ei stor og viktig rolle.

Då vi snakka med han, ein kveld i slutten av februar, var han igjen på Svalbard.

– Eg er her for å vise filmen i samband med Solfestfestivalen. Så nyttar eg også sjansen til å gjere opptak til ein ny film. Asgeir fortel at han også denne dagen fann Frost, saman ungane.

– Men det går mot slutten av samlivet deira no. Dei to ungane var fødde for vel to år sidan, og om ein månad eller to kjem dei til å skilje lag frå mora.

Han møtte Frost for første gong i 2013. Ho er fødd i 2005. Isbjørnar får ungar kvart tredje eller fjerde år. Frost fekk sin første i 2011, i 2013 fekk ho tvillingar, som Asgeir filma. Men dei kom til å døy. Så, kring årsskiftet 2016-17, kom Light og Lucky til verda.

Fascinerande og farleg

– Isbjørn har vorte ein stor del av livet ditt etter kvart?

– Hehe, ja, det har nok vorte slik. Folk over heile verda er også veldig interesserte i isbjørn, så eg får berre håpe at eg ikkje har lokka for mange turistar til desse sårbare områda. Isbjørnen er eit fascinerande dyr, som også kan vere farleg, og som eg gjennom åra har lært meg å få stor respekt for, seier Asgeir.

Han har opplevt mange dramatiske episodar under filmekspedisjonar på Svalbard, også av isbjørn som har vorte trugande.

– Eg er såleis nesten ikkje ute og filmar åleine lenger, vi er som regel to. Men eg er elles oppteken av alt dyreliv i desse områda, korleis heile økosystemet her oppe fungerer, og korleis det no held på å falle saman.

Isen smeltar

Med det er vi over i den alvorlege og triste delen av historia. Om korleis Arktis no vert råka av dei store klimaendringane, og at det er ein viktig del av historia om Frost.

– Ja, eg har ved sjølvsyn sett desse enorme endringane dei siste åra, der isen smeltar og havet opnar seg. Der øyane før var «auge» i isen, har dei no vorte auge i havet. Det er på vinteren vi ser dei største endringane skjer, der temperaturen har vore både fem og ti grader over normalen. I dag er det minus 25 her på Svalbard, så det er meir slik det var. Men variasjonane er større og dei milde periodane mykje hyppigare enn før. Sidan 2010 har temperaturen om vinteren vore langt over normalen. Då snakkar ein ikkje lenger om naturlege vêrskifte, men om eit klima som har endra seg. Det er ikkje lenger vanskeleg å sjå det, seier Asgeir Helgestad, som difor også gav filmen om Frost namnet «Dronning utan land».

Isbjørnen må på stadig jakt etter nye isområde for å kunne overleve.

Trur Arktis er tap

– Du er ikkje spesielt optimistisk?

– Nei, dessverre. Eg skulle ønskje eg kunne vere det, men det er litt vanskeleg. Eg veit ikkje om folk heilt har forstått det, men eg trur Arktis er tapt. Om vi kuttar alle utslepp i morgon, trur eg det er for seint å berge det arktiske miljøet. For Svalbard trur eg løpet alt er køyrt, seier den røynde naturfotografen.

Han er klar over at det også kan ha skjedd før, i mellomalderen vart det t.d. drive jordbruk på Grønland.

– Men i verda i dag bur det over sju milliardar menneske. Mange plassar blir det svært vanskeleg når klimaet endrar seg. Vêret blir våtare og villare. Er vi t.d. budde på å ta i mot millionar av klimaflyktningar som då kan banke på dørene våre, undrar han.

– Mykje dobbeltmoral

Asgeir Helgestad vert engasjert når vi kjem inn på konsekvensane av det som no skjer, og det han meiner er mykje dobbeltmoral i klimaendringane sitt namn.

– Når polisen forsvinn, vert det snakka om at dette opnar for meir fiskeri. Samtidig vert det opna for leiting etter rekordmange nye oljefelt, sjølv om ein skal fase ut fossilt drivstoff. Det heng ikkje på greip, tilbod og etterspørsel høyrer som kjent saman. Og korleis kan ein snakke om at den norske oljen er så rein, undrar Helgestad, som også peikar på at medan andre land har fått til reduksjon av utslepp, har Noreg auka med 2,4 prosent.

– Vi er om lag på nivå med Bulgaria. Vi er ikkje så veldig gode.

Han er bekymra over korleis klimakrisa vert brukt til å rettferdiggjere all mogeleg slags industri.

Biodrivstoff frå regnskogen

– No støttar til og med Bellona dumping av masse i ein Finnmarks-fjord. Er det fordi dei skal starte batteriproduksjon og treng råstoffet? Eit vindmølleanlegg i Trøndelag som vil gje tre TWh med straum vil også bety store endringar i landskapet. I staden bør ein bygge vindmøller til havs. Ein kan også få ein vinst på 23-30 TWh berre ved å modernisere vasskraftanlegga våre.

Helgestad er heller ikkje imponert over politikarar som importerer det dei kallar «sertifisert biodrivstoff», som i røynda kjem frå nedhoggen regnskog. Regnskog som kloden sårt treng. Han snakkar også om det paradoksale i å frakte og selje norsk flaskevatn på andre sida av jorda, for ikkje å snakke om å sende vår eigen fisk til Kina for å bearbeide den der, og så kjøpe den tilbake.

– Kan ikkje halde på slik

– I Noreg får vi ikkje ein gong til det dei greier i Afrika, å forby plastposar. Vi kan ikkje halde på slik, vi må slutte med all denne dobbeltmoralen og syte for endringar som er berekraftige. Elon Musk hadde ein idé om å selje takstein med solceller i. Det er kjempebra. Nærreist energi frå noko vi uansett må ha.

– Det er nok viktig at ein får fram miljøprosjekt ein kan tene pengar på. Men dei må vere berekraftige, seier Asgeir Helgestad, som meiner Noreg bør kjenne eit ekstra ansvar i den livsviktige klimasaka.

– Vi har eit ekstra ansvar

– Ja, vi har tent oss rike på olja. Vi er eit av verdas rikaste land. Det forpliktar oss også til å vise veg for å finne løysingar. Det er ikkje oss det vert mest synd på. Vi har eventyrlege mogelegheiter som vi må nytte oss av, seier Helgestad.

Han gler seg til å kome til Sandane for å fortelje si historie og snakke om det som skjer. Det er første gong han gjer det på desse kantar av landet.

Då vi snakka med han, skulle han neste dag på nytt ut i isen for å finne igjen Frost.

Ei dronning som snart er utan land, og som fortel oss ei dramatisk og alvorleg historie…