Illustrasjonsfoto arkiv.

Landbrukseigedomar utgjer størsteparten av Noreg





Landbrukseigedomar med bygningar og areal er grunnlaget for eit aktivt jord- og skogbruk. I 2018 vart det registrert 182.300 landbrukseigedomar med eit samla areal på omtrent 249 millionar dekar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).


Desse eigedommane finst over heile landet og utgjer 77 prosent av det totale fastlandsarealet. Ein tredel av areala er jordbruksareal og produktivt skogareal, medan to tredelar omfattar uproduktiv skog, open fastmark, fjell, myr og vatn.


Trøndelag er fylket med størst del landbrukseigedomar – i overkant av 20.000.


Eigarane på omtrent 65.000 av landbrukseigedomane har eiga drift i jord- og/eller skogbruk. I 1959 hadde nesten 200.000 eigedomar eiga jordbruksdrift, medan talet i 2018 er redusert til 38.000. Delen av leigejord har auka frå 12 prosent av arealet som var i drift i 1959, til 45 prosent i 2018.


Frå 2000 til 2018 har talet på busette personar på landbrukseigedomar minka med 148.000 – til 369.500. I 2018 bur altså 7 prosent av befolkninga på ein landbrukseigedom. Over 33.000 gardsbruk med bustadhus er utan fast busetjing.


Stortinget har vedtatt at 10 prosent av skogen i Noreg skal bli verna. I januar 2019 var 4,8 prosent av det totale skogarealet og 3,6 prosent av det produktive skogarealet verna.


Kvinner eig ein av fire landbrukseigedomar, viser tala frå SSB. I 2018 hadde rundt 170.000 landbrukseigedomar personleg eigar, der 122.900 var menn og 47.100 kvinner. (©NPK)