Home   >   Nyhende   >   Landbruket ønskjer auka medvit om bruk av eiga matjord

Foto: Kari Hamre/NPK.

Landbruket ønskjer auka medvit om bruk av eiga matjord

Fleire organisasjonar og konsern i landbruket går no saman for å auke medvitet til norske bønder om korleis dei brukar arealet på garden. Målet er å redusere nedbygginga av matjord.

– Når ein bonde skal utvide produksjonen eller byggje ny bygning, står økonomi, logistikk, materialval og estetikk langt framme i medvitet. Arealbruken har ikkje vore like påakta. No vil vi ha det inn som obligatorisk sak i planlegginga, seier koordinator for landbruksbygg Per Olav Skjølberg i Norsk landbruksrådgiving (NLR) til Nationen.

Tal frå Statistisk sentralbyrå og Nibio viser at det er eit stort forbetringspotensial. Så mykje som 22 prosent, eller rundt ein femdel av matjorda som blir borte, går til landbruksformål.

No går Norsk landbruksrådgiving, Norges Bondelag, Tine og Nortura saman for å få bøndene til å tenkje meir på korleis dei brukar arealet på garden. Viktige stikkord for tiltaket er medvit, kunnskap og haldningar. (©NPK)