Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag og Ragnhild Helgheim, bransjeansvarleg landbruk i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Landbruk under press

Lesarinnlegg av Ragnhild Helgheim, bransjeansvarleg landbruk i Sparebanken Sogn og Fjordane og Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane:

Landbruket er for tida under sterkt press både regionalt og nasjonalt. Endra rammevilkår og trendar set etablerte strukturar i spel. Dette kan få større konsekvensar enn mange av oss har teke inn over oss.

Vi har siste dagane fått melding om at Vestland er den regionen i landet som har størst pågang i ekstraordinær runde for sal av mjølkekvotar.  Denne salsrunda pågår som følgje av at det frå inneverande år er slutt på eksportstøtte på landbruksvarer og at mjølkemengda i marknaden med dette vert for stor.

Vesentleg fleire vil selje kvote enn det som er planlagt oppkjøpt i Vestland.  Dette er eit signal om sterkare strukturendringar i vår region enn elles i landet. Så kan ein sjølvsagt seie at her er mange små bruk og at dette er del av ei naturleg utvikling. For oss som arbeider tett på næringa veit vi at det er særs viktig å oppretthalde regionen sin relative del av mjølkeproduksjonen på nasjonalt plan. Dette for å oppretthalde næringsutviklinga rundt om i bygdene, men også for å sikre tilstrekkeleg råvaretilgang til Tine sitt anlegg på Byrkjelo. Dei største mottaksbedriftene våre, Tine,  Nortura og  Nordfjord Kjøtt, er veldig viktige for regionen. Ikkje berre fordi her er mange arbeidsplassar, men også fordi dei er grunnsteinar for næringa og distriktsutviklinga i området. Ved for lite råvaretilgang vil ein fort ikkje bli prioritert av eigarane sine, og regionen Sogn og Fjordane kan bli tapande i høve delar av landet med enklare forhold for grasbasert landbruksproduksjon.

Landbruk er ei viktig basisnæring i regionen. Den held bygder i aktivitet og utvikling innan ulike fagfelt. Vi er stolte av både produkt og kulturlandskap. Mange entreprenørar og forhandlarar av ulike driftsmiddel og byggevarer er heilt eller delvis avhengig av eit aktivt landbruk. Det same gjeld turistbedrifter som er avhengig av å vise fram eit vakkert og ekte stykke Norge. Det har siste 10-15 åra vore bygd ut svært mange driftsbygningar og det er sett inn mjølkerobotar som betener over halvparten av mjølkemengda vi har i Sogn og Fjordane. Bøndene har vore omstillingsdyktige og satsa på ny og moderne teknologi. Omstillingsevna tener både næringa sjølv og næringslivet rundt på ein god måte. Sogn og Fjordane har halde tritt med resten av landet på utvikling av ei næring som er grunnleggande også for busetnadsmønsteret.

Pådrivar til denne gode utviklinga har vore næringa sjølv gjennom «Storfeprosjektet». Dette er eit prosjekt eigd av landbruksorganisasjonane og samvirkeføretaka, som arbeider nettopp for at vår region skal oppretthalde vår del av landbruksproduksjonen i landet. Sparebanken Sogn og Fjordane er tungt inne i næringa og ser kor viktig dette arbeidet er for distriktsutviklinga. Eit sterkt «Storfeprosjekt» er avgjerande for at vi som landbruks- og næringsregion skal vidareutvikle oss for framtida. Sparebanken Sogn og Fjordane ønskjer å bidra til å utvikle landbruket vidare saman med dei dyktige bøndene våre. Vi stiller derfor med 200 000 kroner til «Storfeprosjektet» og heiar på vestlandsbonden.