Home   >   Nyhende   >   Laksen går i dvale i sommarvarmen

Så langt i år har laksefiske vore dårlegare enn normalt i fleire vassdrag i Sør-Noreg. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby/NTB scanpix/NPK.

Laksen går i dvale i sommarvarmen

Den uvanleg varme starten på sommaren har ført til lite vatn i fleire laksevassdrag. Det har òg ført til langt dårlegare fiske enn vanleg.

I vassdraget Surna i Surnadal og Rindal på Nord-Vestlandet har det vore ein nedgang frå 2,5 tonn (380 laks) i fjor til 1,5 tonn (268 laks) i år, ifølgje NRK.

Den same nedgangen ser ein i fleire vassdrag i Sør-Noreg.

– Det som skjer når det er lite vatn er at laksen går litt i dvalemodus. Når vasstanden stig kan den flytte seg til ein annan kulp og då møter den andre laksar. Då slår instinkta til, og den blir meir bitevillig, seier generalsekretær Torfinn Evensen i foreininga Norske lakseelver til statskanalen. (©NPK)