Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby/NTB scanpix/NPK.

Laksefiske skapar store verdiar i distrikta

Elvefisket etter laks har ei omsetjing på om lag 1,5 milliardar kroner kvart år, ifølgje ein ekspert på naturbasert reiseliv.


– Når laksefiskesesongen byrjar i elvene frå 1. juni, er det samstundes starten på ein sports- og fritidsaktivitet som kvart år genererer milliardverdiar i elvedalane over heile landet, seier Stian Stensland, førsteamanuensis i naturbasert reiseliv ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), til Nationen.


Han tek utgangspunkt i at det er 80- 90.000 laksefiskarar i lakseelvene årleg. Dei gir opphav til dryge 1.000.000 fiskedagar og ei omsetting på mellom 1,3 og 1,5 millionar kroner.


Vestlandsforsking har òg lagt fram ein ny rapport som syner at laksefiskarane i Lærdal legg att mykje meir pengar enn dei som fiskar laks i andre laksevassdrag. I rapporten tek ein utgangspunkt i at laksefiskarane i Lærdal legg att 23 millionar kroner årleg. (©NPK)