Lagar gang- og sykkelveg

I desse dagar er vegen forbi Gloppen omsorgssenter stengd i periodar grunna gravearbeid.


– Det er eit todelt arbeid vi driv på med, seier teknisk sjef i Gloppen kommune, Kjell Petter Solhaug.

Han fortel at det både vert grave ned høgspentkabel som skal brukast når det nye omsorgsbygget skal reisast, og at det blir bygd gang- og sykkelveg. Ein del av dei gamle, høge trea på plenen utanfor omsorgssenteret er hogge ned for å gjere plass til gang- og sykkelvegen.

– Vi veit ikkje heilt kor lang tid arbeidet tek, vi jobbar så fort vi kan, seier Solhaug.

Han håpar på asfaltering før jul, men det kan òg hende det blir til våren.