Jørgen Moland lærer besøkjande på Fjellvettdagen 2017 på Gaustatoppen om Fjellvett og skred. Foto: Kari Nygard Tvilde/DNT.

Lær skredvett med DNT

I perioden 16.–23 februar arrangerer Den Norske Turistforening for første gong Skredvettdag fleire stader i landet. Målet er å gi alle turglade kunnskapen som trengst for trygge vinteropplevingar.





– Toppturar vinterstid er blitt ein folkesport. Utstyret blir stadig betre og det opnar opp for at fleire testar det ut. Men ferdsel i vinterfjellet stiller også høge krav til deg. Vi ser at det er mange som treng både ei innføring og ei oppfrisking av kunnskap, seier Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i DNT.





DNT sine medlemsforeiningar arrangerer årleg skredkurs over heile landet, der ein lærer å ferdast trygt i vinterfjellet. Ideen om ein eigen Skredvettdag kom i Tromsø. Bakgrunnen var eit ønske om å nå ut til eit større publikum.





– Skredvett handlar ikkje berre om brattkøyring i alpint terreng, men om å gjere gode vurderingar og val både før – og under tur. Mest av alt handlar det om å kome trygt heim slik at ein kan dele den fantastiske turopplevinga ein har hatt med sine kjære, seier Tim Dassler, initiativtakar i fjellsportgruppa i Troms Turlag.





På Skredvettdagen kan du blant anna få med deg demonstrasjon av redning i skred med Norske Redningshunder og Norsk Folkehjelp, du kan delta i beeperkonkurranse, få hurtigkurs i fjellførstehjelp og for dei minste er det skredsøkar- og gravekonkurranse.





Her er dei 12 ulike arrangementa:





16. Februar: Tromsø, Jølster, Eikedalen, Bodø, Hornindal, Ørsta, Meråker og Årdal.





17. Februar: Sirdal.





19. Februar: Rana.





23. Februar: Budor, Molde.





(©NPK)