Laber interesse for nye leilegheiter





Dei 15 leilegheitene på Grandane vert ferdigstilte nesten eitt år etter skjema. Framleis er over halvparten av dei uselde.





– Planen var å ha leilegheitene innflyttingsklare seinsommaren 2018, men med litt forseinkingar undervegs skal dei no stå klare i juni i år, fortel Kenneth Haukeland, dagleg leiar i Montasje Kompagniet. Firmaet frå Bergen har ansvaret for prosjektet.





Treig start





Haukeland fortel at det var ein treig start på den fysiske bygginga som er grunnen til at leilegheitene i Sandane Panorama enno ikkje er klare for overtaking.





– Først og fremst tok dei kommunale saksbehandlingane lenger tid enn venta. I tillegg la vi ned ein del tid til førehandssal, og kom difor ikkje i gang med bygginga før i vår. Prosjektet er forseinka, men elles er planane dei same, seier Kenneth Haukeland.





I startfasen av prosjektet var meininga å byggje 13 leilegheiter, men ein treig salsstart resulterte i at to av husværa vart delte, og totaltalet auka til 15. Dette gav større variasjon i både storleik og pris, der arealet varierer frå 45 til 101 kvadratmeter. Prisane ligg mellom 2.290.000 og 5.100.000 kroner.





Haukeland legg til at Sparebanken Vest no har teke over salet.





Liten bustadmarknad





– Av dei 15 leilegheitene er berre 4 eller 5 selde. At alle skal bli selde før leilegheitene står innflyttingsklare, er svært optimistisk. Interessa er rett og slett for lita, konstaterer Haukeland.





Han fortel at den siste veka har vore positiv for leilegheits-Noreg, men på Sandane og elles i Nordfjord er marknaden framleis liten.





– Det er fleire andre prosjekt i gang på Sandane, fleire gamle bygg vert restaurerte. Det er mogeleg det påverkar salet i nybygga. Vi har likevel ingen tiltak for å få selt fleire slik det ser ut no. Det kostar å byggje, så prisane ligg der dei må, og kan ikkje senkast. Det er mogeleg at nokre av dei etter kvart blir selde vidare til utleigefirma, men i første omgang må vi få ferdigstilt dei, seier Kenneth Haukeland.