La oss stå opp for SFE som kraftsenter

Lesarinnlegg av Svein-Ottar Sandal, gruppeleiar KrF i Gloppen:

Det pågår no for tida ein stor, heftig og omfattande debatt om kraftverdiane i Sogn og Fjordane framleis skal ha lokalt/regionalt  eigarskap. Og vi les innlegg frå leiarar i dei største kraftselskapa på Vestlandet som SFE, BKK og SE (Sunnfjord Energi), som viser at kampen har hardna til.

For dei kommunar og fylket som har eigarskap i SFE er tida inne for å stå opp for selskapet. Sogn og Fjordane Energi er eit selskap med lang historie i utviklinga av kraftressursane i fylket og kommunane. Selskapet har stor aktivitet både i Nordfjord, Sunnfjord og Ytre Sogn, og tilfører årleg store verdiar til eigarane. Eigarane i SFE er med utgangspunkt i 2017: Sogn og Fjordane fylkeskommune 49,56%, BKK as 36,83 %, Flora kommune 4,64 %, Gloppen kommune 3,46%, Bremanger kommune 2,47%, Askevoll kommune 1,48 %, Selje kommune 1,34 %, Eid kommune 0,15% og Naustdal kommune 0,07 %. (Dette er eigarprosentane før SFE gjennomførte ein aksjeemisjon i 2018 som gjev nokre mindre justeringar på eigarprosent, BKK mindre mellom anna)

SFE med viktige inntekter til fylket og kommunar

Dette viser at med fylkeskommunen sin store eigarpost er SFE verkeleg eit «fylkesdekkande» selskap. Årleg gjev SFE utbytte til desse eigarane som går inn i finansiering av samfunnsnyttige tenester. I 2017 hadde SFE ei omsetning på nesten 1,3 mrd. Overskotet etter skatt var på 193 millionar. SFE har ein utbyttepolitikk der 70 prosent av overskotet i morselskapet skal gå til avkastning til eigarane. Dei siste åra har selskapet på grunn av store investeringar senka denne utbytteandelen til 50 prosent. I 2017 betalte selskapet ut 63 millionar i utbytte. Til Sogn og Fjordane fylkeskommune si kasse vart det tilført over 31 millionar, BKK  23 millionar, Flora kommune om lag 3 millionar og Gloppen kommune 2,1  millionar. I tillegg tilfører SFE store summar til samfunnet i form av ulike skattar og avgifter.

SFE er ein stor og viktig arbeidsplass

SFE er ein stor arbeidsplass i fylket, ein arbeidsplass der arbeidarane har høg kompetanse. I 2017 var det i SFE totalt 260 årsverk. Over 100 av desse arbeider med tilknyting til hovudkontoret på Sandane. Vel 60 er tilsette i nettselskapet som har base i Florø. For ein kommune som Gloppen er SFE å karakterisere som ei hjørnesteinsbedrift som det må gjerast alt for å behalde og vidareutvikle. SFE er eit KRAFT-selskap og Gloppen er eit KRAFT-senter!

SFE påverkar framtida

SFE sin visjon er «kraft til å påverke framtida». Dette står i kontrast til debatten for tida, der nokon hevdar at SFE ikkje ser framover. Konsernsjef  i SFE, Johannes Rauboti, har ein glimrande artikkel «Vi bygger framtida kvar dag, Kjerpeseth», som viser at visjonane til SFE er høgst levande. Selskapet skaper verdiar kvar dag og er engasjert i mykje fornybar energiproduksjon. Vindkraft er eit satsingsområde mellom anna med 56 prosent eigardel i Bremangerlandet Vindpark og Lutelandet Energipark. Eigarskap i Enivest på breiband, Lefdal Mine Datasenter i Eid kommune. Saman med Sunnfjord Energi bygger SFE ut viktig kraftproduksjon i Jølstra og SFE er ein viktig aktør i Østerbø kraft i Høyanger.

SFE viktig for kulturlivet

SFE tek også eit stort samfunnsansvar utover den forretningsmessige verdiskapinga. Mange er dei 50-60 lag og organisasjonar og arrangement som gjennom året nyt godt av SFE sine sponsormidlar. Desse midlane fører til at ein kan drive eit aktivt kulturarbeid særleg til barn og unge. Og viktige arrangement i fylket ville ikkje bli gjennomførte utan desse midlane frå SFE-kassa.

Det er tid for å stå opp for Sogn og Fjordane Energi og dei verdiane som dette selskapet tilfører kommunar og fylket gjennom lokalt eigarskap.

Utjamning av nettleiga også ei politisk sak

Debatten går no mykje på at det er ulike nettleige til forbrukarane kring om i landet. Det er eit paradoks at der kraftproduksjonen er størst, er det dyrast å bruke den. Her er det ein systemfeil som er urettferdig og skaper ulike konkurranseforhold for næringslivet. I SFE-området er det høg nettleige. Dette skuldast at det er dyrt å bygge ut nettet og det er forholdsvis få å fordele kostnadane på. Her ser ein at storbyar som Bergen kjem langt betre ut. Det er dette som er agnet BKK lokkar med for å få Sunnfjord Energi inn i BKK-systemet. Vi har forståing for at dette vil vere viktig for det endelege valet SE skal gjere. Men då er det underleg å registrere at BKK har drive aktiv lobbyverksemd mot Stortinget mot at det politisk skal gjerast noko med «lik» nettleige i landet. Eg trur ikkje BKK opptrer i Sunnfjord for å vere snille. Det har BKK ikkje vist før i dette fylket (jfr at dei trekte seg ut av Jølstra kraft og var ikkje med på aksjeemisjonen til SFE). Det er grunn til å spørje: Kvifor har BKK brått fått så stor omsorg for å få ned nettleiga i Sunnfjord? Ligg det andre motiv bak, så vonar eg at sunnfjordingane avslører dette.

Politisk har utjamning av nettleiga stått på dagsorden over lang tid. I den nyleg framforhandla regjeringsplattforma for Høgre, FrP, Venstre og KrF er også dette nedfelt politikk:

«Utrede og fremme tiltak for å utjevne nettleien for alle forbrukere gjennom et mest muleg effektivt organisert strømnett».

Dette er noko alle dei politiske partia i regjeringa står bak og som det då er fleirtal for i Stortinget. Det er ingen tvil om at dette for KrF var ei viktig sak i regjeringsforhandlingane og målet er klart: ei nettleige som er meir lik over heile landet enn den vi har i dag og som skal kome alle forbrukarar til gode. Det er såleis fleire vegar til ei utjamning av nettleiga. Å endre innmatingstariff frå kraftprodusentar for å vere knytt til nettet er ein annan variant. Men det er ikkje slik som styreleiar i BKK, Kjerpeseth, seier, at politisk blir det ikkje gjort noko med nettleiga. Når dette er tatt inn i ei regjeringsplattform som har fleirtal på Stortinget, så er det ei politisk sak og må kvitterast ut av denne regjeringa, helst snarast mogleg.

Det er «storm» i kraftbransjen. Nokre av vindkasta er ikkje til å unngå, men sterk storm over tid er det ingen som ønskjer seg. Saka er kompleks, det erkjenner eg, men ingen bør vere interessert i at det ligg nokon att på «slagmarka» når «vinden» har løya! SFE har kraft til å påverke framtida, det bør alle eigarane arbeide for – kommunar og fylkeskommune.