Gimmestad kyrkje. Illustrasjonsfoto.

Kyrkja mistar stadig medlemer

Den norske kyrkja mista fleire tusen medlemmer dei første ti månadane i år. Samtidig har mengda utmeldingar gått ned samanlikna med same periode i fjor.


9.985 melde seg ut og 1.899 melde seg inn i Den norske kyrkja dei ti første månadene i år, viser tal avisa Dagen har henta frå Kyrkjerådet. For kvar innmelde er det fem som melder seg ut.


Sjølv om nærare 10.000 melde seg ut av Den norske kyrkja dei ti første månadane i 2018, er det 3.800 færre enn i tilsvarande periode i fjor. På same tid i fjor var tala 13.873 utmeldingar og 2.146 innmeldingar. (©NPK)