– At denne kyrkja har vore stengd i tre år, er både trasig og uforståeleg, seier Marit Rygg (f.v.), Audun Mundal og Marie Sælensminde Rygg.

-Kyrkja har vore stengd i tre år

Gamle Gimmestad kyrkje har vore stengd i tre år på grunn av restaureringsbeid. 1,5 millionar kroner må skaffast til veie for å få fullført arbeidet, og no har privatpersonar teke initiativ til ein innsamlingsaksjon. – Kyrkja treng akutthjelp, understrekar dei.

– Vi håpar vi kan greie å samle inn nok pengar slik at arbeidet kan starte våren 2020. Dersom kyrkja i mellomtida vert øydelagd, vil pengane gå til å berge det som bergast kan, seier initiativtakarane Marit Rygg og Marie Sælensminde Rygg.
Dei har fått med seg kyrkjeverje Audun Mundal og Jeffrey Thomas i komitéen for innsamlingsaksjonen.
– Særs viktig kulturminne
Gamle Gimmestad kyrkje er den nest eldste trekyrkja i Nordfjord. Ho vart oppført i 1692, og framstår i store trekk slik ho gjorde då ho var ny – utan øydeleggjande endringar.
– Mykje av inventaret er eldre enn den noverande kyrkja på staden. Ho er såleis eit særs viktig kulturminne og gudshus, og står som eit sterkt og uforfalska vitnemål om korleis ein bygde kyrkjer i tida etter reformasjonen. Det er ikkje mange slike kyrkjer att, seier Marie Sælensminde Rygg.
Etter å ha vore omvisar i kyrkja i ei årrekkje, kjenner ho kyrkja godt.
– Eg har hatt omvising i kyrkja i sommarhalvåret, og har teke imot 6. klassingane i kommunen gjennom Den kulturelle skulesekken. Det har vore veldig trasig å måtte seie nei til å ta imot elevar dei tre siste åra, seier ho.
Før i tida var det vanleg å namnsette benkar i kyrkjene, både i byane og distriktet.
– Benkane i Gamle Gimmestad kyrkje er påført namn. I Kristian den femtes norske lov sto det at kvar mann skulle ha sin plass i kyrkja. Her ser vi korleis dei gjorde det, seier ho.
Etter det ein kjenner til, har det stått to kyrkjer på staden tidlegare.
Ei autentisk kyrkje
– Frå taket i kyrkja heng det ein balsamert torsk, truleg frå kring 1700. Det er fleire historier knytt til denne fisken. Éi av dei er at ein fattig bonde reiste ned på fjorden og fiska i kyrkjetida, og gav denne fisken til kyrkja i etterkant. Vi veit ikkje om historia er sann. Fisken er fylt med tørr halm og er måla, og dei har ikkje skore opp buken. Det er spesielt. At fisken ikkje har gått i oppløysing, trur eg har å gjere med at kyrkja ikkje er oppvarma og at luftinga i bygget er god, seier Sælensminde Rygg.
Ho har ikkje høyrt om andre kyrkjer som har ein slik torsk hengande.
– Litt artig er det også at det er hattestativ på den eine sida, der karane brukte å sitje. Det finst i ein del andre kyrkjer også, seier ho.
Innvendig er kyrkja rikt dekorert. Det er måla stjerner i taket og mønster på både vegger og bjelkar.
– Dekoreringa er truleg frå starten av 1700-talet og er ikkje måla over. Dette er ei autentisk kyrkje, slår ho fast.



– Føler oss forplikta
Det har vore tradisjon å ha gudsteneste i Gamle Gimmestad kyrkje på 17. mai og jonsokaftan.
– Kyrkja har også vore i bruk i samband med bryllaup og dåp. For nokre år sidan hadde vi tekstlesing her om sommaren, fortel Marit Rygg.
Ho meiner kyrkja er svært verdifull.
– I denne kyrkja har slekta mi gått til gudsteneste langt tilbake i tid. Det er fint å tenkje på når eg er i denne kyrkja. Foreldra mine har laga eit oversyn over kva gardsbruk som høyrde til namna i kyrkjebenkane, og har samla informasjon om inventaret i kyrkja, fortel ho.
At kyrkja no står i spenn, er ho svært uroa over.
– Kvifor står ho i spenn?
– Bygningen seig, og dei nedste trestokkane rotna. Difor måtte ein lage ny grunnmur. Etter at ny steinmur er komen på plass, står ho endå meir i spenn. Det er forferdeleg å tenkje på at ho kanskje brotnar. Det som må gjerast no for å fjerne spennet i reisverket, er å ta av og setje på igjen taket. Ein må også skifte ut rotne stokkar under kyrkja og skifte ein del av bordkledninga, fortel Marit Rygg.
Kyrkja er verna, og alt som skal gjerast av utbetringar må godkjennast av Riksantikvaren.
– No er det svært viktig å få fullført restaureringsarbeidet. Det er også bakgrunnen for at vi startar denne innsamlingsaksjonen. Vi føler oss forplikta til å ta vare på kyrkja, understrekar ho.
Kyrkjeverje Audun Mundal vil ta kontakt med Riksantikvaren og be han vere med på ei synfaring.
– Det bør absolutt vere mogleg for Riksantikvaren å løyve meir midlar til dette unike bygget, meiner han.



Håpar på stor oppslutnad
– Kor lenge reknar de med at innsamlingsaksjonen vil pågå?
– Vi håpar på stor oppslutnad, både frå privatpersonar, næringslivet i regionen, lag og organisasjonar, samt stiftingar. Målet er å samle inn nok pengar i løpet av hausten og vinteren. Alle monnar dreg, og vi er takksame for både store og små beløp, seier Marie Sælensminde Rygg.
Kyrkjeverja har gjort avtale med godkjende fagfolk som skal utføre arbeidet.
– Kva tenkjer du om engasjementet i bygda for kyrkja?
– Det er veldig kjekt at folk engasjerer seg for Gamle Gimmestad kyrkje. Fellesrådet har ikkje så mykje midlar å rutte med. Kan vi få samla inn midlar gjennom denne aksjonen og setje kyrkja i stand, set eg stor pris på det, seier Audun Mundal.
Kontornummeret til innsamlingsaksjonen er 3710.12.03876.

 

– Kyrkja ser beskjeden ut utvendig, men innvendig strålar ho, seier Marie Sælensminde Rygg.
Benkane i kyrkja er namnsette.